Hopp til innhold

Elkjøp får språkkritikk

Nordens største elektronikk-kjede, Elkjøp, får krass kritikk av Språkrådet for dårleg og uforståeleg språk.

Elkjøp prisplakat
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Jan Olav Fretland
Foto: Torje Bjellaas / NRK

-Mange av forklaringane er så innvikla at kundane har problem med å forstå kva slags varer butikken sel, seier Jan Olav Fretland.

Han er styremedlem i Språkrådet og fyrsteammanuensis i norsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Uforståeleg engelsk

"Sluch ice", "Perfect pizza pizza stone" "12 pcs cutter", og "knife". Det er berre nokre av språkdøma ein finn på plakatar for varer til sals hos Elkjøp i Norge. 

- Det er dramatisk for språket vårt når vi ser at norsk har tapt for å uttrykke noko så enkelt som ein kniv, seier Fretland.

All bruken av engelsk gjer sitt til at kundane får problem med å forstå kva slags varer butikken faktisk sel.

Monika Klinbajl
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Monika Klinbajl er ei av dei. I korga framfor ho ligg det skartkablar. På skiltet står det skrive "Home theathre set scart."

- Det er irriterande at det er så mange engelske ord i staden for norske, synest ho.  

Elkjøp legg seg flat

Thomas Hegerlund, salssjef for Elkjøp Norge, legg seg flat for kritikken.

- Vi bur jo i Noreg, og då er det klart at vi må ha plakatar på norsk.

Han lovar at dei innan mai neste år skal byte ut alle plakatane frå engelsk til norsk språk. 

Og no kan dei få hjelp frå Språkrådet. Dei tilbyr seg å organisere ei gruppe som skal hjelpe butikkjeda til betre språkbruk. 

Elkjøp prisplakat
Foto: Torje Bjellaas / NRK