Hopp til innhold

Regjeringa vil utgreie skipstunnel

Regjeringa vil greie ut Stad skipstunnel vidare. Fiskeridepartementet vil utgreie ei løysing der skip på storleik med hurtigrutene kan gå gjennom tunnelen.

Skisse over Stad skipstunnel.

- Vi ønskjer ikkje å skape nye og urealistiske forventingar, men vi skal likevel snu kvar stein for å sjå om prosjektet likevel kan vere liv laga, seier statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet, Vidar Ulriksen.

1800 meter lang

Eksisterande planar går ut på å byggje ein 1,8 kilometer lang tunnel gjennom halvøya på Stadlandet, mellom Kjødepollen og Moldefjorden. Ifølgje dei opphavelege planane skal tunnelen vere 23 meter brei, 22 meter høg og 12 meter djup.

Hurtigruteskip

Men no vil regjeringa altså utgreie ein tunnel som skal vere endå større.

- Dagens prosjekt gjer det mogeleg for farty på opptil 5000 bruttotonn å bruke tunnelen. No ønskjer regjeringa å utgreie ei løysing der skip på storleik med hurtigrutefartyet "Midnatsol", på i overkant av 16.000 bruttotonn, kan bruke tunnelen, seier Ulriksen.

Regjeringa vil også sjå meir på den samfunnsøkonomiske verdien av tunnelen. Det vil også verte sett på om tunnelen kan ha noko seie for turismen på Vestlandet.