Hopp til innhold

Flyet punkterte då det landa i Florø

Då Widerøes fly frå Bergen skulle lande i Florø klokka 9 i dag tidleg, var det noko som gjekk gale.

Widerøe

PUNKTERTE: Eit Widerøe punkterte under landing i Florø. (illustrasjonsbilete)

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dekket på Widerøeflyet har truleg eksplodert under landinga. Det skriv avisa Firda i dag.

– Vi høyrte ein skikkeleg smell, fortel Eirik Grane, som var passasjer på flyet. Han seier det var fleire som spøkte med at dei no punkterte.

Fleire av passasjerane låg og sov då flyet landa.

– Det var ein del som vakna, for å seie det sånn, seier Grane om smellen dei høyrde då flyet landa.

Det skal ikkje ha vore noko dramatikk under landinga.

Passasjerane som skulle til Bergen igjen eller vidare til Førde fekk beskjed like før klokka 10 at dei i alle fall må vente til klokka 11 før flyet kan reise vidare.

Informasjonssjef hos Widerøe, Silje Brandvoll, seier til avisa at det ikkje er snakk om noko dramatisk hending, sjølv om det ikkje er ofte at dei opplever slike episodar.

– Det har ikkje vore snakk om noko dramatikk, men då flyet var på veg inn til landing, har piloten merka at det var litt lite luft i det eine dekket på sida på grunn av ein lekkasje i det, fortel Silje Brandvoll.

Smellen har truleg komme som følge av at dekket har eksplodert under landinga, men ifølgje Brandvoll har ikkje dei i cockpiten merka noko til det, men seier det kan ha vore ein smell for det.