Hopp til innhold

Stengt på grunn av bilberging

Det vert stengt mellom 19.20 og 20.00 på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet på grunn av bilberging.

Vegtrafikksentralen melder om stengt veg over Hemsedalsfjellet.

Eit vogntog hamna søndag ettermiddag i grøfta mellom Bjøberg og Storeskar på grunn av glatt vegbana.

Bilbergar var raskt på staden og er no i ferd med å berge vogntoget.

Trafikken slepper forbi rundt klokka 20.00 når ein av ekspressbussane skal passere.

Det var stengt igjen frå 20.00 til 20.30 på same stad.