Hopp til innhold

Steinar rasa ned på E39 i tunnelopninga på Kvivstunnelen

Joar Drønnesund kvapp då han plutseleg såg det rase ein stor stein ned ved inngangen til Kvivstunnelen på E39 på Grodås-sida.

Steinsprang ved Kvivstunnelen

STOR STEIN: Joar Drønnesund er glad han ikkje var komen fram der den store steinen dundra i vegbana då det skjedde.

Foto: Joar Drønnesund

– Først såg vi at det kom ein del pukk og småstein sprettande, men plutseleg kom det ein ganske stor ein ramlande, seier Drønnesund.

Frilansfotografen var på veg heim til Ulstein og skulle til å køyre inn i tunnelen då steinane kom ramlande.

– Det var i grunn ille nok med småstein og pukk som kom ned, for bilane som kom ut av tunnelen, såg dei ikkje før dei omtrent køyrde på det. Mange måtte bråbremse, men det gjekk heldigvis bra, seier Drønnesund, som raskt stoppa og slo på nødblinken.

Den store steinen kom rullande

Og det var då den nokon større steinen kom.

– Det var berre flaks at ikkje nokon køyrde der akkurat då. Eg torer ikkje tenkje på kva som hadde skjedd dersom steinen hadde gått gjennom ruta eller taket på ein bil, seier Drønnesund.

Han legg til at det var spesielt skummelt for bilane som kom ut av tunnelen og som ikkje fekk noko forvarsel om at vegbana var full av småstein.

– Heldigvis kom det ein kar frå Mesta og rydda opp ganske raskt. Men dette er tydelegvis ein stad der det kan komme litt stein, seier Drønnesund.

Skal ha komme stein der før

Det stadfestar Jan Erikstad ved Vegmeldingssentralen.

– Eg har fått melding om at det var komme ned noko stein, og det skal visst ha komme ned noko stein her tidlegare også. Men steinane er no rydda, seier Erikstad.

Søndag er det venta uvêr inn over Vestlandet, sjølv om det truleg ikkje vert så ille som først venta.

Likevel er det sendt ut OBS-varsel for heile Vestlandet, og meteorologen ber folk ta sine forholdsreglar.

– Det blir skikkeleg uvêr og det er ingen grunn til å ferdast unødig på vegane. Lokalt kjem det store nedbørsmengder, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Geir Ottar Fagerlid.