Hopp til innhold

Droppa risikoanalyse, valde tilrådinga frå rådmannen

Risikoanalysen signaliserte klart at Vik kommune burde halde oppe dagens brannordning med eit vaktlag på fire kvar helg. Likevel valde kommunestyret å gå for rådmannens forslag om å halvere beredskapen i helgane.

Marta Finden Halset, Hopstock hotell

HALVERTE BEREDSKAPEN: Kommunestyret og ordførar i Vik, Marta Finden Halset valde å halvere brannberedskapen på helg. Førre store brann i Vik var då Hopstock hotell brann ned til grunnen i mai 2010.

Foto: Vik kommune/Ole Christensen

– Representantskapet i Sogn brann og redning gjorde eit vedtak etter at det var gjort ein risiko- og sårbarheitsanalyse for alle kommunane (ROS-analyse). Det var ein del av saksgrunnlaget til kommunestyrevedtaket då ny brannordning skulle vedtakast i juni i fjor, opplyser brannsjef i Sogn brann og redning, Johnny Skjerping.

Men då saka kom opp i Vik kommunestyre var tilrådinga frå rådmannen ei halvering av beredskapen i høve til vedtaket frå representantskapet og konklusjonen i ROS-analysen.

– ROS-analysen sa at ein burde halde fram med den vaktordninga som ein hadde før ny brannordning. Men det er opp til kvart kommunestyre å vedta den brannordninga som skal gjelde, understrekar Skjerping.

Gjekk frå fire til to mann

Dermed vedtok Vik kommune at det berre skal vere to mann på helgevakt i Vik brannvesen.

– Betyr dette at det er for få brannmenn på vakt i Vik i helgane når den nye ordninga trår i kraft 1. mai?

– Ifølgje ROS-analysen så er det det, ja, seier Skjerping.

– Men korleis er det ifølgje lover og forskrifter?

– Når ein lagar ei ny brannordning så er det krav om ein ROS-analyse. Den kjem i tillegg til lovkrava, seier Skjerping.

Med andre ord ligg det forskrifter og regelverk i botn som seier noko om kva brannberedskap ein kommune skal ha.

Målet med ein risikoanalyse er at dei i den einskilde kommune skal kunne ta omsyn til dei spesielle risikoobjekta som finst der. Til dømes har nokon kommunar mykje industri, spesielle objekt eller spesielle tilhøve, medan andre har lite av det.

Regelverket opnar opp for at ein kan dimensjonere innsatsmoglegheitene basert på dei spesielle risikoane.

– Som brannsjef vil eg ha best mogleg beredskap i alle kommunar. Men så er det jo snakk om økonomi oppi dette. Det er kommunestyra som gjer vedtaka, seier Skjerping.

Gjekk inn for tilrådinga frå rådmannen

Vik-ordførar Marta Finden Halset understrekar at politikarane i kommunestyret vedtok endringa på bakgrunn av den informasjonen dei fekk i tilrådinga frå rådmannen.

– Vi har gjort det slik at vi har same brannordning i helgane som midt i veka. Dette gjekk vi inn for på bakgrunn av tilrådinga frå rådmannen, stadfestar Vik-ordførar Marta Finden Halset.

Ho legg til at rådmannen i si tilråding forsikra kommunestyrepolitikarane om at dette var innanfor lover og regelverk.

– Når vi då såg at vi kunne spare 400.000 kroner på det i vår knappe økonomiske verd, så var det sjølvsagt kjærkomne kroner å spare, seier Halset.

– Hadde støtte frå dåverande brannsjef

Rådmann Oddbjørn Ese seier at han før han kom med si tilråding til kommunestyret 20. juni i fjor rådførte seg med den dåverande brannsjefen, Hans-Morten Blikseth.

– Blikseth meinte mitt framlegg til beredskap var fullt forsvarleg, han var også i kommunestyremøtet og sa det same.

Ese seier at han reagerte på at Sogn brann og redning kom med ei tilråding som innebar at Vik fekk ein annan og dyrare beredskap enn dei andre kommunane i samarbeidet.

– Som rådmann er det mi plikt å finne innsparingar der det er råd, her kunne vi spare 400.000 kroner. Eg er ikkje fagmann på brann, men når brannsjefen meinte at det var forsvarleg såg eg ikkje grunn til å føreslå noko anna.

Hans-Morten Blikseth er no brannsjef i Fredrikstad. Han har ein litt annan versjon enn Ese.

– Eg rådde i utgangspunktet til at Vik opprettheldt den beredskapen som var. Men rådmannen kom med eit anna framlegg, og eg kunne ikkje seie at det var fagleg uforsvarleg.

Rådmann Oddbjørn Ese seier at han no er i god dialog med Sogn brann og Redning med sikte på å finne ei løysing på den akutte sitausjonen som har oppstått.

Har aldri høyrt om liknande

Senioringeniør i Skansen consult, Håkon Winterseth, trur mest ikkje sine eigne øyre når han får høyre om saka.

– Eg kan ikkje på sparket hugse at eg nokon gong har opplevd at ein ROS-analyse vert sett til side, seier Winterseth.

Håkon Winterseth

IKKJE SETT MAKEN: Senioringeniør hjå Skansen consult, Håkon Winterseth, har ikkje høyrt om liknande.

Foto: NRK

Skansen consult er eit rådgjevande ingeniørfirma som har spesialisert seg på brannteknikk og relaterte område. Dei jobbar med alle forhold der brannteknikk og brannrelatert tryggleik er tema.

Winterseth understrekar at han uttalar seg på generelt grunnlag, då han ikkje kjenner saka i Vik anna enn gjennom media. Men han er likevel generelt skeptisk til at eit kommunestyre vel å halvere den beredskapen som ein risiko- og sårbarheitsanalyse legg opp til.

– Det tykkjer eg er ein veldig dårleg veg å gå. Politikarane som vedtek dette tek på seg seg eit enormt ansvar, seier Winterseth, som heller ikkje er sikker på om dette er rett å gjere når det gjeld sakshandsaming.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Brann ved Hopstock hotell

Brann ved Hopstock hotell

Har ansvaret for halveringa

– Alle kommunar skal ha ei godkjend brannordning. Viss ROS-analysen vedtek at ein skal ha eit visst nivå, og ein rett og slett vedtek å halvere det, så har ein brått teke på seg ansvaret for den halveringa, seier Winterseth.

Han stiller spørsmål ved kva som skjer dersom til dømes menneskeliv går tapt i ein brann etter at den nye ordninga er trådd i kraft.

– Dersom noko skulle skje i ettertid, og ein kan føre det tilbake til at ein har for dårleg brannordning, så har ein plutseleg teke på seg eit veldig stort ansvar, seier Winterseth.

Hadde tiltru til informasjonen dei fekk

Vik-ordførar Halset held på si side fram at det også kom forsikringar om at vedtaket var forsvarleg frå anna kompetent hald.

– Dåverande brannsjef i Sogn brann og redning, Hans Morten Blikseth, var til stades i kommunestyret og forsikra oss om at brannberedskapen slik han var tilrådd frå rådmannen var innanfor lovar og regelverk. Då hadde vi tiltru til det, seier Halset.

– Sjølv om de er innanfor lovar og reglar så har de ei stavkyrkje som kanskje treng ekstra oppsyn. Er de klar over kva ansvar de får når brannberedskapen er halvert?

– Livet til folk i Vik betyr det meste. Og det er innbyggjarane vi skal ta omsyn til, seier Halset.

– Men vil ikkje dette vedtaket også gå ut over dei?

– Livet til folk i Vik betyr alt når det gjeld brannvesen og brannberedskap. Men når vi no har fått forsikring om at dette er innanfor regelverket så har vi i kommunestyret gjort vedtak om det, seier Halset.

Sparte 400.000 kroner på kutta

Ho peikar på at ordninga som trer i kraft 1. mai er den same som ein har i vekene no.

– Det er det same som vi har hatt i vekene heile tida, og det er i samsvar med kva samanliknbare kommunar har. Men vi har gjort dette vedtaket ut ifrå den tilrådinga vi fekk frå fagleg hald, seier Halset.

– Men er ikkje ein risikoanalyse eit fagleg haldepunkt?

– Eg støtta meg til den utgreiinga rådmannen la fram, samt at dåverande brannsjef Blikseth var til stades og orienterte og var open for spørsmål. Vi gjorde vedtak ut ifrå at dette var forsvarleg og innanfor regelverket, seier Halset.

Ho legg til at innsparinga på 400.000 kroner kom godt med for ein kommune som framleis slit tungt etter Terra-saka.

– Viss vi får saka tilbake til kommunestyret blir det då ei utfordring å finne ut kor andre stadar vi skal kutte dei 400.000 kronene, seier Halset.

Trur ikkje dei folkevalde forstår ansvaret

Winterseth i Skansen consult peikar på at det er fullt mogleg for kommunestyret å vere usamd i konklusjonen i ein ROS-analyse. Men det må handterast deretter.

– Då kan ein be om å få ei utgreiing frå ein annan part. Så kan ein sikkert finne ei løysing ein vert samd om. Men å berre beint fram halvere beredskapen høyrest ikkje bra ut, seier Winterseth.

Han har tungt for å tru at dei folkevalde fullt ut forstår konsekvensane av eit slikt vedtak.

– Det trur eg kan seie med stor sikkerheit at dei ikkje heilt har oversikt over, meiner Winterseth.

Manglar ni mann i Vik brannvesen

Etter vedtaket om ny brannordning i juni i fjor vart dei som gjekk i vaktordninga sagde opp. Samtidig fekk dei tilbod om å få ny arbeidsavtale inn under den nye brannordninga. Det takka halvparten av brannmennene nei til.

– Eg manglar ni mann i Vik, seier Skjerping.

Trass i utlysing av deltidsstillingane som brannmann i Vik kommune har søkjarane late vente på seg. Det er dårleg nytt for brannsjefen knapt tre veker før den nye ordninga skal setjast i verk.

– Vi har lyst ut stillingane, men ingen har meldt seg. Når det signalet kom så har vi valt å setje dette opp på styremøtet torsdag for å forankre det der. Så får vi jobbe vidare mot leiinga i Vik, seier Skjerping.

– Vi er i dialog med Vik kommune om og driv og drøftar forskjellige løysingar på korleis vi kan få ein best mogleg og akseptabel brannberedskap etter 1. mai, seier Skjerping.

– Men ordninga trer i kraft om vel tre veker, og de manglar over halve brannkorpset i Vik. Kva gjer de 1. mai?

– Eg håpar og trur at vi skal klare å få i orden dette før 1. mai. Vi må jobbe intenst framover og komme i dialog med alle partar for å løyse dette på ein god måte, seier Skjerping.

Kan bli få som møter opp ved brann

– Men kor mange har du på jobb 1. mai?

– Då har eg fire utrykkingsleiarar og tre brannmannskap, seier Skjerping.

– Og dei treng ikkje ein gong vere i bygda?

– Dei som har vakt har plikt på seg til å vere tilgjengeleg. Som deltidsbrannvesen går du med personsøkjar, men ingen kan hindre deg i å reise til fjells eller liknande, seier Skjerping.

– Det betyr at dersom det brenn så kan det vere få som møter opp?

– Det kan det. Men ein skal ikkje overdramatisere. Men dess fleire ein har på vakt og i brannvesenet, dess større er sjansen for at fleire kjem når det trengst. Det er eit logisk reknestykke, seier Skjerping.

– Kven har ansvaret for at brannberedskapen er god nok?

– Det er kommunestyra og politikarane som vedtek brannordninga i kvar kommune, seier Skjerping.