Hopp til innhold

Passasjer fekk ikkje røykje i bilen - hoppa ut av taxi i fart

Taxisjåfør Harald Løtuft visste ikkje heilt kva han skulle tru då passasjeren i nabosetet brått reiv av seg beltet og hoppa ut av bilen. I fart!

Harald Løtuft

HOPP OG SPRETT: Taxisjåfør Harald Løtuft kan ikkje anna enn å le av heile hendinga, men er glad mannen ikkje vart skadd.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg stod og venta på grønt lys, og då spurte han om han fekk tenne seg ein røyk inne i bilen. Det fekk han eit høfleg nei til, fortel Løtuft.

Men det likte den noko rusa mannen svært dårleg.

– Då sa han at han ikkje ville vere med. Men så ville han no vere med likevel, fortel Løtuft, som då køyrde riksveg 5 mot Storebrua i Førde sentrum.

Men midt på brua fekk mannen det for seg at han slett ikkje ville vere med likevel ...

Fekk bremsa litt

– Då vi var midt på brua, ombestemde han seg, og gav beskjed om at han kom til å forlate bilen, seier Løtuft.

Drosjen var ein minibuss, og difor sat passasjeren framme ved sidan av Løtuft.

– Eg fekk no bremsa ned farten slik at den ikkje var så mykje å snakke om. Men mannen hoppa iallfall ut i den farten eg hadde. Han reiv opp sikkerheitsselen, opna døra, og ut forsvann han, seier Løtuft.

Til alt hell var farten så låg at mannen ikkje kom til skade i utfarten, men det kunne vore nære på.

– Det var heller ikkje noko trafikk rundt han, heldigvis, så det gjekk bra, seier Løtuft.

Håpar det er siste gong

Han valde å observere mannen litt, før han tilkalla hjelp frå politiet.

– Eg vurderte det til at mannen ikkje var i stand til å ta vare på seg sjølv, så eg let politiet overta saka, for å seie det slik, seier Løtuft.

Han kan ikkje minnast å ha vore borti liknande ting tidlegare.

– Nei, at folk hoppar av i fart, har eg ikkje vore borti. Forhåpentlegvis er det siste gong også. Det kan jo vere litt dramatisk, seier Løtuft, som sjølv tok det heile med ro.

Måtte flire litt av det heile

– Eg opplevde det ikkje som særleg dramatisk, men litt uvanleg var det no. Eg tenkte i grunn berre på å få stoppa bilen så mykje som råd, då eg forstod at han meinte alvor med å hoppe ut, seier Løtuft roleg.

Då han kom tilbake på taxisentralen og fortalde kva som hadde skjedd, var det fleire som måtte dra litt på smilebandet.

– Vi har vel i grunn flirt litt av heile hendinga. Men i verste fall kunne dette vore ein person som kom til skade. Men vi har ikkje sett på det som veldig dramatisk, seier Løtuft.

Ikkje avskremd frå å køyre meir

Han er ikkje avskremd frå å køyre meir taxi.

– Nei, på ingen måte. Vi har nok heller hatt litt moro av det, seier Løtuft, som ser fram til litt meir stillesitjande passasjerar på neste tur.

Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Stig Inge Hauge, stadfestar at politiet var ute for å plukke opp den risikoglade taxipassasjeren.

– Han vart teken med av politiet til eit lite avhøyr, og saka får truleg etterspel, seier Hauge.