Hopp til innhold

Trafikkuhell på E 39

Politiet fekk fredag melding om eit trafikkuhell på E39 ved Årdal i Jølster.

Trafikkulukke ved Årdal i Jølster

STORE SKADER: Bilen fekk store skader i samanstøyten med vogntoget.

Foto: Rune Årdal

Ein personbil køyrde inn i eit vogntog bakfrå. Førar av personbilen vart frakta til sjukehus i Førde, vedkommande skal ha fått lettare skader ifølgje politiet.

Det var like før kl 1200 at trafikkuhellet skjedde, og helse, brann og politi reiste til staden.

Små bilar kunne passere på staden, og like før klokka 13 var vegen rydda og opna for fri ferdsel.

Trafikkulukke ved Årdal i Jølster
Foto: Rune Årdal