Hopp til innhold

Ung sogning tiltalt for grov vald

Ein sogning i slutten av tenåra er tiltalt for fleire tilfelle av grov vald.

Det mest alvorlege tiltalepunktet dreier seg om ein mann som fekk så store skader at han var sjukmeld i fire veker.

Det var i fjor sommar at sogningen ifølgje tiltalen gjekk til angrep på ein annan mann. Dette skal ha skjedd utan noko føregåande provokasjon frå offeret.

Slegen medan han låg nede

Mannen skal ha blitt slegen fleire gonger i hovudet og overkroppen, mellom anna medan han låg nede. Då han prøvde å reise seg, blei han sparka i ansiktet slik at blei medvitslaus. Likevel heldt den tiltalte mannen fram med å utøve vald.

Den fornærma mannen fekk brot i kjeven, fleire sårskadar som måtte syast, hjerneristing og sterke hovudsmerter. Dette førde til ei lang sjukmelding.

Sparka politibetjentar

Ein politimann som skulle pågripe mannen, blei dytta slik at han falt i bakken. Han blei også sparka då sogningen prøvde å komme seg laus.

Han trefte også ein annan politibetjent som var på staden. I tillegg dytta og slo han fem andre personar.

Hjerneristing og knekt nase

Dei to andre alvorlege tiltalepunkta gjeld to andre valdsepisodar. I haust slo han ein mann i ansiktet slik at han fall og slo hovudet i asfalten. Dette førte til ei hjerneristing og smerter i hovudet i dagane etter.

Seinare på hausten slo han ein mann med knytt hand utanfor ein utestad. Den fornærma mannen fekk mellom anna knekt nasen sin. I følge tiltalen har begge desse hendingane skjedd utan nokon form for provokasjon frå dei fornærma.

Sogningen er også for uaktsam køyring i ein tunnel på nyåret.

Det er sett av tre dagar til rettssaka som går i Sogn tingrett neste veke. Advokaten til mannen ønskjer ikkje å kommentere saka før den kjem opp i retten.