Hopp til innhold

Har halv kapasitet på E39 Lavik-Oppedal

Grunna tekniske problem er det berre ei ferje som trafikerer sambandet E39 Lavik-Oppedal i ettermiddag.

Bilferja Gloppen.
Foto: Ottar Starheim / NRK

– MF Lifjord har fått gjennomført nokre reperasjonar på hjelpemotoren. Men det må gjennomførast ein del testar for å finne ut at alt fungerer som det skal, opplyser driftssjef i Fjord1, Torbjørn Vik.

Fram til MF Lifjord er tilbake i rute, er det ferja MF Gulen som skal frakte bilistane over Sognefjorden. Vik trur sambandet vil vere tilbake i normalt gjenge ganske raskt.

– Dei har sagt at det skal ta eit par timar, så vi ventar at det går to ferjer som normalt innan klokka 14.30, seier Vik.

Ferja går heil klokketime frå Lavik, og halv klokketime frå Oppedal.