Hopp til innhold

Denne morgonfuglen fekk ikkje bli med flyet til Sogndal

– Den søkte nok etter varme, humrar kabintilsett Tone Helen Klevan Paulsen om blindpassasjeren som tysdag ville vere med morgonflyet til Sogndal.

Kjøttmeis på morgonflyet til Sogndal.

BLINDPASSASJER: Om kjøttmeisen kom seg til Sogndal for eiga maskin er ukjent, men med Widerøe fekk den ikkje reise.

Foto: Tone Helen Klevan Paulsen

For det var ikkje berre dei 12 reisande og tre kabintilsette som hadde tenkt seg til Sogndal då dei reiste til Gardermoen tysdag morgon.

Med 14 minusgrader ute, sjekka ein kjøttmeis inn på WF162 – før passasjerane var komne om bord.

Tone Helen Klevan Paulsen sperra opp augo då ho entra flykabinen for å sjekke naudutstyret og byrja å klargjere flymaskinen til boarding.

– Då såg eig ein liten kjøttmeis som flaksa litt hysterisk rundt i kabinen, fortel Klevan Paulsen til NRK.no.

Kapteinen måtte trå til

Etter nokre minuttar kom dei første passasjerane om bord, noko den vesle blindpassasjeren tykte svært lite om.

Heller ikkje alle dei 12 passasjerane var like interesserte i å dele fly med kjøttmeisen og kapteinen kom til for å roe eitt par av dei.

– Det var eit par damer som hylte medan fuglen var om bord. Dei tykte ikkje det var noko særleg med ein laus «early morning bird», fortel Klevan Paulsen og legg til at kapteinen måtte trø til for å få kjøttmeisen av flymaskina.

Virka redd

Tone Helen Klevan Paulsen

FORSTÅING: Tone Helen Klevan Paulsen har stor forståing for at kjøttmeisen trekte inn i flykabinen i 14 blå grader på Gardermoen.

Foto: Privat

– Han gjekk bakarst i flyet og jaga den framover. Til slutt smatt den ut gjennom døra, seier Klevan Paulsen og legg til at flyavgangen vart ti minuttar forseinka som følgje av kjøttmeisen.

– Virka den redd?

– Ja, etter kvart vart den veldig redd. Den er nok ikkje å så vand med å få menneske så tett innpå seg som det vart i kabinen. Det kom ikkje ein lyd frå den, men nebbet var opent. Då den sette seg fast på stolryggen, såg eg den var veldig redd.

– Tykte synd på den

– Eg tykte mest synd på den, for det var veldig kaldt ute, legg Kleven Paulsen til og seier ho har stor forståing for at den blindpassasjeren truleg søkte ly i kabinen i kulden.

Men med på flyturen over Hemsedalsfjellet til Sogndal kunne ikkje kjøttmeisen bli. I så fall måtte den kome seg dit for eiga maskin...

– Den var veldig redd. Det hadde ikkje kunne gått, for det er ein tryggleiksrisiko, seier ho.

Trekte på smilebandet

Flymaskinen kom seg frå Gardermoen ti minutt forseinka. Mange av dei tolv passasjerane trekte på smilebandet over hendinga.

– Eg har aldri vore ute for noko liknande, men har høyrt snakk om at nokon har opplevd fugl i cockpiten. Korleis det enda veit eg ikkje, seier Kleven Paulsen og håpar at dei slepp nye fuglar om bord når dei onsdag morgon skal reise frå Røros, der det i skrivande stund er 26 blå grader.

– Vi får ikkje håpe det for deira del, men om vi kan varme dei litt, så er det jo berre hyggjeleg det, humrar ho.