Hopp til innhold

Lange ventelister på kulturskulen

Å lære å spele eit instrument er eit stort ønskjer for mange. Fleire hundre born og unge står på venteliste for å få byrje på kulturskulane her i fylket.

Gitar

LANGE VENTELISTER: Gitar er eit populært instrument og mange born står på venteliste.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Regjeringa vil at alle born og unge som ønskjer det, skal ha eit kulturskuletilbod med god kvalitet til ein rimeleg pris.

Anders Nydal og Trude Skarvatun

FULLT: Rektor Trude Skarvatun ved Førde kulturskule seier dei ikkje har plass til fleire born.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

Berre i Førde står fleire hundre på venteliste, seier Trude Skarvatun som er rektor for Førde kulturskule.

– Den er jamt aukande. Vi har hatt ventelister i alle år eg har jobba her, men den har ikkje vore så lang som no, seier ho.

255 på venteliste

Å læra seg å spela gitar og andre instrument er veldig populært i Sogn og Fjordane. Ventelistene på kulturskulane fylket sett under eitt er lange. I Førde ventar heile 255 born og unge på ledige plassar.

– Vi har ikkje kapasitet til å ta opp fleire elevar. Vi har 450 elevar og alle stillingane er fylte opp med undervisning. Dermed er det dessverre ikkje plass til fleire, seier Skarvatun.

Betre enn landssnittet

Gamlebanken i Førde - no kulturskule

MANGE ØNSKJER PLASS: Her i Gamlebanken i Førde held kulturskulen i Førde til.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

NRK har sjekka ni kommunar i fylket, i dei står over 600 born og unge på venteliste. I Eid ventar 129 på plass og på Sogn kulturskule er det 117 på venteliste.

På landsbasis står 28 000 på venteliste. Det gjer at Sogn og Fjordane faktisk kjem godt ut på statistikken, seier Ole Jacob Nedrebø, styreleiar i Kulturskulane i Sogn og Fjordane.

– Sogn og Fjordane er faktisk det fylket som har størst dekning når det gjeld kulturskule. Om lag 30 prosent av elevane i grunnskulen går på kulturskulen. På landsbasis er dette talet 16 prosent. Men dette er sjølvsagt ingen trøst for dei som står på vent, seier han.

Reknar ikkje med betring

Rektor for Sogn kulturskule, Roar Sandnes, trur ikkje situasjonen vil betra seg det komande året.

– Noko kan bli betre, men vi må nok rekne med at det situasjonen blir omtrent den same som i 2012.