Hopp til innhold

Fire pågripne for bruk av narkotika

Fire menn vart natt til laurdag arresterte i Førde mistenkte for bruk av narkotika.

Dei fire mennene skal ha vore i ein privat bustad i Førde då politiet arresterte dei. Mennene vart tekne med til avhøyrt og vart seinare sett fri.

Ved operasjonssentralen i Florø vil dei ikkje seie noko om kva som var bakgrunnen for at mennene vart arresterte, eller kva type stoff det er snakk om.

Alle mennene er i 20-åra og har erkjent bruk av narkotika. Saka er no sendt vidare til jurist som vil finne ut kva som skal skje vidare i saka.