Hopp til innhold

Hasta seg vel mykje i julestria

Hastige bilistar fekk ekstrautlegg i julestria torsdag. To av dei kan prise seg lukkelege over at dei ikkje går inn i julehøgtida utan førarkort.

For utrykkingspolitiet har i løpet av torsdagen gjennomførd trafikkontrollar ulike stadar i Nordfjord.

Under ein fartskontroll på riksveg 15 ved Stårheim, fekk fire bilistar eit forenkla førelegg med seg inn i julehøgtida. Høgste målte fart var 75 km/t i 50-sona, noko som kvalifiserer 6.500 kroner i bot.

Grensa for å miste førarkortet er 76 km/t.

Vel fort gjekk det også for ein bilist på E16 ved Tønjum i Lærdal. Av dei 11 førarane vart ein målt til 83 km/t. Også i 60-sona tek politiet hand om førarkortet når farten er 26 km/t over fartsgrensa.

I tillegg til fartssyndarane fekk ein førar forenkla førelegg for å ha snakka i handhalden mobiltelefon på Stadlandet, medan to fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte.

På Jølster vart ein bilførar stogga på E39 ved Skei torsdag kveld. Ifølgje politiloggen hadde ikkje føraren skrapa nok is av ruta, slik at sikta var så som så. Dermed vart det eit gebyr på 2.000 kroner for føraren.