Hopp til innhold

Eit år med sterke inntrykk for Morten

For Morten Sandøy var 2012 året då han fekk ein ny «familiemedlem», medan 22. juli-rettssaka gjorde sterkast inntrykk på nyheitsankeret i TV2-nyheitene.

Morten Sandøy får kringkastingsprisen 2011

22. JULI-RETTSSAKA GJORDE INNTRYKK: Morten Sandøy.

Foto: TV2

– Korleis var 2012 for deg?

– 2012 var eit fint år. Fekk med meg fine ferieveker i heimfylket. Laksefiske i Jølstra og i Årdalselva i Ryfylke. Guttetur med fluestanga på ei haustkledd Hardangervidde, og nytt TV2-studio.


– Trekk fram di beste personlege oppleving i året som gjekk. Kvifor var dette eit høgdepunkt for deg?

– Mi beste personlege oppleving i året som gjekk var at vi fekk ein fireåring i hus. Vi er besøksheim for ein liten gut som bur hos oss kvar tredje helg og nokre dagar ellers i vekene. Det har vore utruleg fint og kjekt å bli kjend med eit nytt «familiemedlem» på denne måten. Fint også å kunne bidra med dette. Oppfordrar andre til å gjere det same. Behovet stort.

– Kva gjorde sterkast inntrykk på deg i 2012 – og kvifor?

– 22. juli rettssaka gjorde eit sterkt inntrykk på meg. Sende time etter time frå studio utanfor tinghuset i Oslo. Heile tida hadde vi tiltalte si forklaring og skildringane frå overlevande på øyret. Det var hjerteskjerande og tøft. Slett ikkje lett å direkteformidle dette til det norske folk.

– Kva forventningar og håp har du til året som ligg framfor oss?

– Mest av alt håpar eg at familien får vere frisk. Elles hadde det vore fint med god lønsvekst, framleis låg rente og ein sunn og god privatøkonomi. Det ser jo bra ut her i landet sjølv om delar av Europa slit med økonomisk krise og skyhøg arbeidsløyse. Valet til hausten ser også ut til å bli svært spennande. Det er jo noko vi journalistar likar.

– Har du nyttårsforsett? I tilfelle kva?

– Kort og godt! Trene meir og ete mindre!

– Korleis feirar du jul i år? Er du heime, kva et du?

–Jula blir feira i forholdsvis nytt hus på Paradis i Bergen. Foreldra mine, syster med familie og ein god ven er på plass rundt bordet julaftan. På menyen står sjølvsagt pinnekjøt.

– Kva hugsar du best frå jula i barndommen din?


– Det var høgtid når vi kom heim frå Førde kyrkje og mor hadde tent alle lys. Lukta av pinnekjøt fylte stova, og alle var glade. Vi måtte alltid ha med oss kyrkjeklokkene landet runt på NRK P1 før vi sette oss til bords. Så var det jo sjølvsagt gåvene også!!!

– Kva er den beste julepresangen du har fått?

– Det må bli den jula eg fekk mine første slalåmski, eller var det Apache-sykkelen, eller muligens den jula det låg Liverpool-drakt og fotballsko med skruknottar under treet.

– Kva gjer du for dei som har mindre å rutte med eller er einsame i jula?

– Pleier å treffe ein kjenning i Frelsesarmeen som står med bøssa si på Nesttun-senteret i dagane før jul. Ellers har vi invitert ein god ven som er åleine på julekvelden i år.