Hopp til innhold

Kraftig lønsauke for Vik-ordførar

Ordførar Marta Finden Halset i Vik får eit lønnstillegg på 90 000 kroner. Det har kommunestyret i Vik bestemt.

Marta Finden Halset

LØNNSHOPP: Ordførar Marta Finden Halset i Vik får ein lønsauke på 14 prosent.

Foto: Vik kommune/NRK

Det er Sogn Avis som skriv om det nye ordførarløna, som no stig frå 600 000 kroner til 690 000 kroner.

Det var mange meiningar og stort engasjement i saka. Ordførar Marta Finden Halset sa ho var ubekvem over situasjonen, men at ho ikkje kunne melde seg ugild.

– Håplaust signal

Kommuneøkonomien i Vik har lenge vore stram og politikarane har blitt tvinga til å kutte med hard hand.

Høgre-politikar Leidulv Finden var ein av dei som gjekk imot lønsauken.

– Det er ikkje tida til å løyve slikt når vi må seie opp folk for å få endane til å møtast. Denne lønsauken er på 14 prosent, og dette signalet er heilt håplaust, sa han.

Var ikkje med i debatten

Ordførar Marta Halset seier ho ikkje deltok i debatten i formannskapet, og at det er opp til dei å avgjere godtgjersla til ordføraren.

– Eg har ikkje sagt at eg tykkjer det er rett. Eg seier eg bøyer meg for det partiet og formannskapet blei einige om. Det er kommunestyret sin suverene rett å bestemme godtgjersal til ordføraren. Difor held eg meg til det dei bestemmer, seier ho til NRK.no.

Det var også ønskje at om at møtegodtgjeringa til politikarane skulle auke med 300 kroner, men denne blir ståande på 500 kroner.