Hopp til innhold

Bil hamna på islagd elv

Ein mann i 30-åra kom uskadd frå det då han køyrde utfor vegen i Førde onsdag kveld.

Klokka 22:13 fekk politiet melding om utforkøyringa i Masdalen og ambulanse, brannvesen og politi rykka ut.

Bilen hadde hamna utfor vegen og ned i ei islagd elv. Føraren var åleine i bilen. Han slapp frå uhellet utan skade. Det er ikkje mistanke om promillekøyring.