Hopp til innhold

Står på bar bakke etter innbrot

Politiet står framleis på bar bakke etter innbrotet i foto- og smykkebutikken Alf Helgheim & co i Jølster. Innehavar Reidar Helgheim seier dei no vil gå grundig til verks for å hindre nye innbrot.

Reidar Helgheim

INNBROT: Politiet står utan spor etter den eller dei som natt til måndag stal med seg varer for eitt par hundre tusen kroner frå Reidar Helgheim sin butikk på Skei i Jølster.

Foto: Fotomontasje: Vidar Gudvangen/Johan Moen / NRK

Helgheim har ikkje full oversikt over kva som er stole, men seier det lett er snakk om varer for eitt par hundre tusen kroner.

– Vi held på no med å samanlikne varelageret frå i fjor med salet i år, men alt av gullsmykke og ein del klokker er borte. Heldigvis har vi mykje klokker på lager, så butikken er oppe og går på alt utanom gullsmykke, seier Helgheim.

Stolne kjennemerke

Lensmann i Jølster, Knut Skurtveit.

LENSMANN: Knut Skurtveit.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det var i 03.50-tida natt til måndag at alarmen gjekk i foto- og smykkebutikken på Skei. Tjuvar tok seg inn ved å ta ut låsesylinderen og gjekk drastisk til verks. Politiet har vore på staden og sikra seg spor.

Dei har også fått tips om bilar som er sjekka ut av saka. Politiet er framleis interesserte i tips i saka på telefon 02800.

– Vi har sett på det som er av video og sjekka ut ein del bilar, men har ikkje kome nærare målet, konstaterer lensmann Knut Skurtveit i Jølster.

Kollega Agnar Bøyum seier politiet er interesserte i tips om kjennemerke DH81757 som natt til måndag vart stolne frå ein bil i Stryn.

– Det treng ikkje vere nokon samanheng med innbrotet, men erfaringsmessig så forsvinn det gjerne kjennemerke i samband med slike innbrot, seier Bøyum.

(Artikkelen held fram under videoen)

For andre gong på fem år opplevde forretninga Alf Helgheim AS i Jølster innbrot.

SJÅ VIDEO: For andre gong på fem år opplevde forretninga Alf Helgheim AS i Jølster innbrot.

Tips om bilar

Kringliggjande politidistrikt er varsla om innbrotet. Så langt er det ingenting som tyder på at innbrotet kan setjast i samanheng med andre.

Politiet har etter kvart også fått tips om utanlandske bilar som har stått parkert langs vegane. Utan registreringsnummer er det lite politiet kan gjere for å komme fram til desse køyretya.

– Vi avheng av vitne og andre tekniske hjelpemiddel for å sjå kva som rører på seg, seier Skurtveit.

– Ikkje lokal ungdom

Politiet har også sikra seg funn som skal analyserast.

– Kan de seie om de mistenkjer at mobile vinningskriminelle står bak innbrotet?

– Vi held alle mogelegheiter opne, men det er nok ikkje lokal ungdom som står bak. Dei som har gjort dette, visste kva dei dreiv med, for å seie det slik, seier Skurtveit.

(Artikkelen held fram under videoen)

Innehavar Reidar Helgheim på Jølster fortvilar etter at tjuvar stakk av med store verdiar natt til måndag.

SJÅ VIDEO: Innehavar Reidar Helgheim på Jølster fortvilar etter at tjuvar stakk av med store verdiar natt til måndag.

Ikkje oppklara i 2007

Det er andre gong at butikken til Helgheim opplever i innbrot. I 2007 forsvann fotoutstyr for kring 60.000 kroner frå butikken. Innbrotet vart aldri oppklara.

– Heldigvis har dei ikkje brydd seg med kamera og fotoutstyr denne gongen. Det er bra for oss i julehandelen at vi ikkje har gått lens for kamera og klokker, seier Helgheim og håpar politiet klarer å finne gjerningsmannen, eller mennene.

Vurderer gitter

Butikken har alarm, men ikkje videoovervaking. Helgheim seier dette er ein kostnad på 50.000-60.000 kroner som dei førebels ikkje har sett seg råd til.

– Men det er klart at det kostar dette også og no skal vi gå grundig til verks og vurderer både gitter og videokamera for å hindre at slikt skjer igjen, seier han.

Helgheim seier dei i motsetning til i 2007 ikkje har registrert unormal framferd frå kundar. Dette er noko som kan bli fanga opp, og lagra på, til gjennomgang etter innbrot.

– Vi ser at kamera kan ha ein preventiv effekt, konstaterer Helgheim.