Men då brannmannskapa kom fram, synte det seg at brannen hadde oppstått i noko fiskeutstyr som låg på land.
– Brannen vart fort sløkt, og det var jo bra at det ikkje var i sjølve fiskebåten det hadde teke fyr, opplyser Magni Brandsøy ved brannvesenet sin alarmsentral i Florø.
Det var naboar som ringde brannvesenet då dei såg flammar frå Gunhildvågen.
– Meldinga gjekk først på at ein sjark stod i flammar, men heldigvis var jo ikkje det tilfelle. No ventar vi på ei tilbakemelding frå vår patrulje på staden om kva er årsaka til brannen på kaia, seier operasjonsleiar hos politiet, Inge Værøy til NRK.