Hopp til innhold

Brannslokkarar stod innpakka i heilt nye hus

Brannmeister Leif Otto Olsen fekk sjokk då dei inspiserte heilt nyinnflytta hus i Førde. Det tok huseigarane over tre minutt å pakke ut brannslokkarar i hus som kan bli overtent på fem minutt.

Brannmeister Leif Otto Olsen

UROA: Brannmeister i Førde, Leif Otto Osen, meiner folk bør skjerpe branntryggleiken i heimane.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Den erfarne brannmannen ber no folk om å skjerpe seg. Brannslokkingsutstyret må i alle fall vere lett tilgjengeleg, meiner Olsen.

Stod innpakka

Då han og kolleger gjennomførte branninspeksjon i heilt flunkande nye bustadhus i Førde oppdaga han at alt slett ikkje var som det skulle vere.

– Vi spurte jo då sjølvsagt etter brannslokkingsutstyret. Det hadde dei jo, men det stod jo innpakka i pappøskja. Då forlanga eg at dei skulle pakke det ut. Men dei brukte altså då tre og eit halv minutt på å få det slokkeapparatet ut av pappøskja, fortel ein rysta Olsen til NRK.

Ville vore overtent

– Vi reknar i dag med ei svært rask overtenningstid på hus og leiligheiter, kanskje så kort tid som fem minutt. Dersom ein då ikkje har klart å gjere nokon ting på tre og eit halvt minutt så seier det seg sjølv at ein har rimeleg kort tid, seier Olsen og oppmodar på det sterkaste folk om å sjekke at det ein har av slokkeutstyr er tilgjengeleg og oppdatert.

– Ein brann startar alltid som liten, og alle burde vore litt meir førebudd på å kunne takle små brannar. Berre det å ta fram brannslokkingsapparatet, kikke på det og vite korleis det verkar, seier han.

Røykutvikling i Førde

UTRYKNING: Brannvesenet rykka ut til ein forretningsgård i Førde sentrum måndag kveld.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Bruk og kast

Han peikar og på at det sjølvsagt er svært viktig å vere merksam på dette no i desember som er den store brannmånaden i Norge.

– Ein brukar jo veldig mykje ekstra elektrisk utstyr som ein kanskje har hatt liggande på loftet eller kjellaren i eit heilt år sidan sist. Eg pleier å seie at alt kan reparerast, men ikkje juletrelys og slike enkle, billige ting. Det må vi faktisk berre bruke og kaste, i alle fall sjekke grundig, meiner Olsen.

Rykka ut

Seinast sist fredag var det ein alvorleg bustadbrann i Førde, og måndag kveld rykka brannvesenet ut til røykutvikling i ein forretningsgård i byen.

– Det synte seg å vere ein feil i det elektriske anlegget ved ein varmtvasstank, opplyser brannvesenet til NRK.