Hopp til innhold

Vi kårar fylkets julehus 2012

NRK Sogn og Fjordane inviterer lyttarane til å vere med å kåre det desidert flottaste "julehuset" i fylket.

Julepyntet hus i USA

AMERIKANISERT: Hus opplyst i alle fargar og julemotiv har kome over «dammen» frå USA til Norge. Etter kvart er også norske hus rimeleg lyspynta i jula.

Foto: KAREN BLEIER / AFP

Har du sett eit julepynta hus som peikar seg ut i mengda? Eit med millionar av lyspærer, eit i alle regnbogens fargar eller som lyser opp heile gata? Kanskje du sjølv har eit slikt hus? Eller kanskje heile gata du bur i er ei einaste julegate med blinkande julenissar, god jul-helsingar og opplyste hagar med julefigurar?

Då håpar vi du kan forevige det på eit bilete, eller ein kort videosnutt, og dele det med alle NRK Sogn og Fjordane sine lesarar.

I tillegg til at alle får ta del i julestemninga, kan du som fotograf vinne 1.000 kroner. Vi trekkjer også ut fem fotografar som får kvar sitt populære NRK-krus. Bilete og video blir presentert på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane.

Du sender bileta og videoen på e-post til sf@nrk.no. Frist for innsending av bilete er 28. desember, med trekning like over nyttår.