Hopp til innhold

Brann i Sigerfjorden

Ingen vart skadd då eit hus i Sigerfjorden i Sortland kommune brann ned til grunnen i natt.

Brann i Sigerfjorden

Huset var allereie i full fyr då brannvesenet kom fram.

Foto: Tommy Amundsen

Det var heller ingen personar i huset då brannen starta. Bustaden har tidlegare vore brukt til butikk.

– Brannvesenet hadde ingen moglegheit til å berge huset som var overtent, fortel operasjonsleiar Stein Wilhelmsen ved Midtre Hålogaland politidistrikt.

Politiet fekk melding om brannen litt etter klokka 23 onsdag kveld. Etterforskinga av brannen for å finne brannårsaka vil starte når brannstaden er avkjølt.

I følgje vol.no er det fleire år sidan butikkdrifta i blei avvikla i bygget, som blir eigd av ein privatperson. Huset har mellom anna vore brukt til lager, og skulle no pussast opp, skriv nettstaden.