Hopp til innhold

Hødd-trønder satsar på avansement og Rosenborg i kvartfinalen

Molde tek imot Rosenborg, Aalesund må til Sandefjord, medan Hødd tek imot Asker på heimebane. No håper Hødd sin matchvinnar frå 3. runde, Pål André Helland, på gamleklubben i Rosenborg i ein kvartfinale.

Pål André Helland

FORNØGD: Pål André Helland vart matchvinnar for Hødd mot Sarpsborg 08. No håper han på avansement mot Asker.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

I går avanserte alle dei tre laga frå Møre og Romsdal til 4. runde i NM.

Molde slo HamKam 3–2 i Molde, Aalesund vann 4–0 over Byåsen på Color Line Stadion, medan Hødd vann 2–1 over Sarpsborg 08 på Høddvoll.

Hødd vann etter ekstraomgangar, då den tidlegare Rosenborg-spelaren Pål André Helland scora etter 118 minutt. Etter kampen håpte han på Rosenborg eller Asker i 4. runde.

– Fotballhjertet seier Rosenborg på Høddvoll. Det hadde vore artig. Fotballhjernen seier derimot Asker på Høddvoll. Dei er på papiret enklast, sa Helland etter 2–1 mot Sarpsborg 08 i går onsdag.

– Det beste vi kunne fått

Og Helland fekk det som han ville. No ventar Asker i 4. runde, på Høddvoll.

– Jubelen stod i taket her på Høddvoll, fortel 22-åringen frå Trondheim.

– Moglegheitene for avansement er gode, for Asker er eit lag vi bør slå på heimebane. Denne trekninga kunne ikkje blitt betre for oss.

– For din eigen del då. Du er jo tidlegare Rosenborg-spelar?

– Ja, det hadde vore moro. Men no håper eg Rosenborg avanserer mot Molde i Molde, slik at vi kan møte dei i ein eventuell kvartfinale.

For Aalesund sin del trur Helland det kan bli tøft.

– Det blir ein open kamp, men eg trur AaFK kan få det tøft borte mot Sandefjord. Dei viste mot Vålerenga at dei kan spele ut kven som helst, spesielt på heimebane, avslutta Helland.

Molde mot Rosenborg blir spelt i Molde 27. juni, medan Sandefjord mot Aalesund i Sandefjord blir spelt 5. juli. Hødd møter Asker 4. juli.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL