Hopp til innhold

– Sjølv om byane og midlane ikkje er dei største, så produserer vi nok til å vere best i Noreg

Bitre rivalar og håp om det verste for naboane? Tvert imot. Hødd, AaFK og Molde håper det blir ein strålande fotballdag for Møre og Romsdal. – Tre lag frå fylket i semifinalane i år hadde vore morosamt, seier Kjetil Rekdal.

Kjetil Rekdal, Erik Sandal, Magne Hoseth

STØTTAR KVARANDRE: Kjetil Rekdal og AaFK, Erik Sandal og Hødd, og Magne Hoseth og Molde heiar på kvarandre – så lenge dei ikkje møtest seg imellom.

Foto: Arkiv / NRK

Då hadde vi vore garantert éin finalist frå fylket. Molde og AaFK har møttest på Ullevål tidlegare, i fjor møtte vi Hødd på vegen til cupfinalen.

(Sjå AaFK-Byåsen direkte, og følg resten av NM-kampane direkte på NRK. no: AaFK - Byåsen direkte , Disse cupkampene kan du se gratis i dag .)

– Neste cuprunde skal trekkjast, og om både Molde, Hødd og AaFK kjem seg vidare, så kan alt skje. Eg kryssar fingrane for at alle laga har vunne når klokka er kvart på åtte, seier Aalesund-trenar Kjetil Rekdal.

Når Molde og Aalesund, Aalesund og Hødd – eller Hødd og Molde møtest, så er det mykje følelsar og prestisje på spel.

Når laga ikkje møtest er derimot støtta stor frå nabo-«rivalane». Om ikkje frå dei ulike supporterane, så i det minste frå trenarar, kapteinar og spelarar.

– Vi heiar på kvarandre, det er jo berre normalt. Når ein er frå same område, så vil ein dei andre laga vel, seier Hødd-spelar Erik Sandal.

– I alle fall når ein ikkje er i same divisjon, humrar Sandal – som spelar i 1. divisjon.

Magne Hoseth

TRIUMF: Her feirar Magne Hoseth seriegull i 2011. Éin av mange store og små triumfar i fotballen i Møre og Romsdal dei siste åra.

Foto: Terje Reite / NRK

Stolt over kva Møre og Romsdal som fotballfylke får til

Dei siste åra for fotballen i Møre og Romsdal har vore gode. AaFK har to cuptriumfar på tre år, medan Molde tok seriegull i fjor. Hødd rykka opp frå 2. divisjon i 2010, og imponerte i 2011-sesongen.

I år kan det sjå ut som Kristiansund vil ta steget opp til 1. divisjon i tillegg.

Om alt går perfekt for fylket kan det vere fire lag frå Møre og Romsdal i dei to øvste divisjonane i Noreg.

– Cupgull og seriegull gjer noko med heile Møre og Romsdal som fotballregion.

– Vi klarer å vise at sjølv om byane ikkje er dei mest folkerike, eller midlane dei største, så produserer vi nok spelarar til å vere best i landet, seier Molde-spelar Magne Hoseth, før han skryt av kva Hødd får til på Søre Sunnmøre.

I kveld spelar Molde, AaFK og Hødd 3. rundekampar i NM.

Hødd møter Sarpsborg 08, AaFK møter Byåsen og Molde møter HamKam. Alle laga har heimekamp.

(Saka held fram under bildet)

Roar Johansen, Sarpsborg 08

SER MOT NORDVEST: Roar Johansen er mektig imponert over det AaFK, Molde og Hødd får til i Møre og Romsdal.

Foto: Espen Torgersen / NRK

– Heile landet kikar til Møre og Romsdal

Sarpsborg 08 gjestar Høddvoll, med trenar Roar Johansen i front. Han meiner det ein har fått til i Møre og Romsdal er eksepsjonelt.

– Det har blitt ein fotballkultur i dette fylket som er unik. Heile landet kikar til Møre og Romsdal litt ekstra. Det gjer vi òg, seier Johansen.

– Det viser berre at klubbane her driv godt i alle moglege ledd, og det skal dei ha all ære for. Vi andre må berre ta etter.

Han er ekstra imponert over kva Hødd får til i Ulsteinvik. Ein liten by og ein klubb som driv økonomisk klokt.

– Det er godt gjort. Dei har ikkje same rammevilkår som dei to storebrørne i fylket, men det viser berre at pengar ikkje er alt i fotballen enno. Ein kan skape gode resultat med lokal entusiasme og lokale fotballspelarar, meiner Johansen.

(Saka held fram under bildet)

Video Rekdal feiret bursdagen med gull

BURSDAGSGULL: I 2011 leia Kjetil Rekdal AaFK til cupgull etter 2–1 mot Brann. Gullet blei vunne på Rekdal sin eigen bursdag.

Foto: Nyhetsspiller

Alle trur alle vinn – og Hoseth håpar AaFK scorar på seg sjølvtillit

I dagens cuprunde er Hødd-Sandal, AaFK-Rekdal og Molde-Hoseth veldig optimistiske både til eige lag og naboane.

– Hødd får ein tøff kamp mot Sarpsborg, men Høddvoll er vanskeleg og eg trur dei vinn. Molde er omtrent like stor favoritt som oss og kjem til å slå HamKam, meiner Kjetil Rekdal.

– Eg trur både Aalesund og Molde tek seg relativt enkelt vidare. Eg har trua for vår eigen del òg, seier Erik Sandal.

– Eg håper og trur at det blir tre lag frå Møre og Romsdal i 4. runde, seier Magne Hoseth.

Molde-spelaren kryssar faktisk fingrane litt ekstra.

– Aalesund har slite litt med å score mål, og eg trur dei får ei utløysing mot Byåsen. Eg håper dei scorar mykje og spelar på seg sjølvtillit til haustsesongen, seier ein positiv Hoseth.

Erik Sandal

IMPONERT OVER NABOANE: Erik Sandal i Hødd er imponert over alt Molde og Aalesund har fått til dei seinaste åra.

Foto: Stig Høynes

Stemmer i med Rekdal

Kjetil Rekdal håper på 75 % Møre og Romsdal i NM-semifinalane. Den tonen likar Sandal i Ulsteinvik.

– Det hadde ikkje vore meg imot. Møre og Romsdal har vore kjempebra siste åra, og AaFK og Molde har imponert meg stort. Det hadde vore kjekt om vi her ute i havgapet kunne følgje opp, seier Sandal, som eigentleg er Nordfjording, men som kallar seg halvvegs Sunnmøring.

I Molde likar dei visjonen, samtidig som dei faktisk vil ha ein revansje.

– Alle frå fylket i semifinale, ja, det hadde vore kjempegreier. Men det er kanskje litt mykje å håpe på?, undrar Hoseth.

Han slår seg til ro med to lag i semifinalane, og håper at ingen møtest.

– Du håper på Hødd mot AaFK i cupfinalen på Ullevål med andre ord?

– Hehe, ja nesten, avsluttar Hoseth – med tankane til 2009 og tap på straffespark i cupfinalen mot AaFK.

Hødd opp i 1. divisjon

HØDD-JUBEL: Hødd jubla etter opprykk til 1. divisjon i 2010. Her ser vi supporterklubben til Hødd, Blåsarane, som stilte opp med banner og jubel på Color Line Stadion der opprykket blei sikra.

Foto: Synnøve Hole / NRK
Kjetil Rekdal, hyller

STOR BIDRAGSYTAR: Kjetil Rekdal er ein stor del av grunnen til at AaFK er trygt plassert i Eliteserien, samt imponerer i NM.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX