Hopp til innhold

Fusa

Vinnaren av ordførarvalet i Fusa kan fort kome til å regjere utan eit fleirtal av kommunestyret i ryggen.

Politikarane har langt frå vore dei mest profilerte fusingane dei siste åra. ”Kongeriket Fusa” , lammet Sam og  ein haug med beinrestar har vore dei viktigaste overskriftene frå fjordkommunen. Lufta er gått ut av skulekamp-ballongen i Fusa. Bygdelista legg ned. Og dei store politiske sakene skil ikkje partia frå kvarandre i nemneverdig grad.

Likevel kan det gå mot eit svært spennande val i haust.

Fire menn i kampen

Fire menn spissar nemleg sverda i kampen om å styre Fusa i den neste valperioden. Noverande ordførar Hans S. Vindenes (Sp) har det største partiet i ryggen og er kanskje den største favoritten. Men både Atle Kvåle (Ap), Steinar Skaar (H) og Magne Djuvik (FrP) ønskjer å overta ordførarklubba.

Djuvik har dei siste fire åra vore listetopp for Tverrpolitisk samlingsliste. Denne bygdelista vart oppretta for tjue år sidan som eit protestparti mot sentraliseringa av skulane. Partiet har kjempa og sigra, og etter den siste debatten om skulestruktur vart det tydeleg at kampen har bore frukter. Semja er no så stor at bygdelista har utspelt si rolle, og dei andre partia får gleda av å slåst om tomrommet etter bygdelista sine fire representantar.

Medlemmane på bygdelista har fordelt seg på dei andre partia, og dei fleste følgjer med Djuvik over til FrP.

Jamn kamp

Ordførarkampen blir spådd å vere jamn til det siste. Den største utfordringa kan bli å få ordføraren til å samle eit fleirtal av representantane. Skulle Magne Djuvik vinne valet, har han som mål å samle dei borgarlege partia i ein koalisjon. Det er langt frå sikkert at den blir stor nok til å utgjere eit fleirtal.

Fusa har høgt sjukefråver blant dei offentleg tilsette. Kommunen opplever stort press på bygging av fritidsbustader i strandsona. Men den aller største utfordringa for kommunen, er å få mange nok folk til å busetje seg i kommunen. Fråflytting har prega Fusa det siste tiåret. Dei siste tala kan likevel tyde på at trenden er i ferd med å snu. Kven fusingane meiner er rett mann til å ta dei inn i ei ny veksttid, blir klart 10. september.

 

Valstatistikk

Valstatistikk Fusa