Holmefjord får prisen for å ha sett Fusa på kartet gjennom prosjektet med kongedømet.
Fusa-identitet
Hensikten med prosjektet var å skape ein Fusa-identitet, noko Kommunikasjonsforeningen meiner han har gjort på ein kreativ og engasjert måte.
Han har vore oppteken av såkalla statsbyggingseffektar, og eit større fellesskap ved at småbygdene i Fusa i større grad trekkjer i same retning.

Johannes N. Lygre og Stig Gunnar Myren tok imot prisen på vegne av Holmefjord. Her saman med Ingrid Dreyer, leiar i Kommunikasjonsforeningen i Hordaland/Sogn og Fjordane. (Foto: Kommunikasjonsforeningen)
Eksperiment
Holmefjord har arrangert innsettingsseremoniar med tilhøyrande avfyring av saluttar og talar, han har brukt uniform, lansert den nye mynteininga fusiske kruner, og laga eit eige flagg som symboliserer Fusa som kongedøme.
- Det handla om å senda historiar ut i verda. Dette med Fusa var på ein måte eit eksperiment som gjekk på at dersom ein tok noko som ikkje høyrte heime i Fusa, ville det tydeleggjera det som er der frå før, og som tidlegare var usynleg for folk, seier Holmefjord.
Flytta til Uruguay
Fusakongen har abdisert etter folkeavstemming i fjor og bur no i Uruguay.
Utenriksråd Stig Gunnar Myren og eldrerådsformann Johannes N. Lygre mottok prisen på vegne av Morten Holmefjord. Myren og Lygre har vore nære støttespelarar for Holmefjord i prosjektet Kongdømmet av Fusa.