Hopp til innhold

Mange norske sjukehus held tabbane sine hemmeleg

Berre to av 21 sjukehus offentleggjer uønska hendingar på heimesidene sine, ifølgje ei undersøking frå Forbrukarrådet.

Haukeland hovedinngang

UNNTAK: Helse Bergen er eitt av to unntak i undersøkinga frå Forbrukarrådet.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Forbrukarrådet er skuffa på vegner av pasientane.

Sjukehusa i landet er pålagde å rapportere til styresmaktene om alle pasientskadar og forhold som kan ha ført til skade.

Pasientane veit ingenting

Men berre to sjukehus er opne om uheldige hendingar ved å publisere desse på internett. Dermed er det få pasientar som får kjennskap til statistikken før dei vel sjukehus, viser ei undersøking som Forbrukarrådet har gjennomført.

Undersøkinga blei fullført i september.

Forbrukarrådet meiner resultatet er nedslåande.

fagsjef Terje Kili i Forbrukerrådet

KRITISK TIL SJUKEHUSA: Fagdirektør Terje Kili i Forbrukarrådet kritiserer sjukehusa.

Foto: NRK

Berre to av helseføretaka i undersøkinga, Helse Bergen og Sjukehuset i Østfold, offentleggjer uønska hendingar på heimesidene sine.

Elleve av dei 21 føretaka har ingen tidsplan for kva tid dei skal byrje med offentleggjering av slike hendingar.

Fem føretak (UNN, Helgelandssykehuset, Helse Førde, St. Olavs hospital og Ahus) har planar om å gjere det i nærmaste framtid.

Tre av føretaka (Helse Fonna, Nordlandssykehuset og Vestre Viken) har ikkje svart på undersøkinga.

– Seier noko om kulturen

– At pasientar ikkje har moglegheit til å samanlikne uønska hendingar i samband med val av sjukehus, er i seg sjølv uheldig, seier Terje Kili som er fagdirektør for offentlege tenestar i Forbrukarrådet.

– Hemmeleghald av potensielt farlege situasjonar seier også noko om kulturen ved dei ulike sjukehusa, noko som er viktig for pasientane, seier han.

Forbrukarrådet oppmodar pasientar om å ta kontakt med sjukehuset og be om rapportar over uønska hendingar.

Rådet minnar også om at feilbehandling kan klagast inn til sjukehuset der behandlinga skjedde, til Fylkeslegen/Helsetilsynet og til Norsk Pasientskadeerstatning.

Les også: Over halvparten av norske fastleger har blitt «anmeldt» på nett | Garanterer tidsfrist for operasjon