Hopp til innhold

Politijakt førte til togstans

Det var full stans i togtrafikken i bergensområdet etter at ein mann sprang inn i ein jernbanetunnel.

Ulrikstunnelen

ULRIKSTUNNELEN: Mannen gjekk inn i denne tunnelen mellom Bergen sentrum og Arna (Arkivfoto).

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Politiet rykte ut då ein ung mann blei sett springande inn i Ulrikstunnelen frå stasjonsområdet i Arna.

Køyrestraumen måtte koplast ut, med full togstans som resultat.

– Straumen blei kopla ut om lag klokka 17.15 i ettermiddag, stadfestar operasjonsleiar Terje Hilland i politiet overfor NRK.no.

Fleire hundre blei ramma

Den same mannen skal og ha blitt sett gåande langs togskjenene på Bergensbanen ved Takvam litt tidlegare på ettermiddagen.

Mange blei ramma av straumstansen fordi fredag ettermiddag er eit tidspunkt då mange skal ut og reisa.

– Totalt står åtte tog mellom Bergen og Trengereid. Fleire hundre passasjerar er ramma. Vi jobbar med å skaffa bussar, sa pressevakt Mai-Bente Paulsen i NSB til bt.no.

Stengt i nesten to timar

No melder Jernbaneverket at straumen er slått på igjen og togtrafikken er i gang, etter nesten to timar.

– Strekninga er klarert av politiet og vi er i gang igjen. Ein må rekna med at ein del av toga blir forseinka på grunn av dette eit par timar utover kvelden, seier togleiar Steinar Hemnes til NRK.no.

Politiet har sendt to betjentar fram og tilbake gjennom tunnelen på eit tog med fulle lys, utan å finna nokon.

– Vi har leita godt, men har ikkje funne han, så han må ha kome seg ut igjen av tunnelen. Vi har fått inn ein del opplysningar om han, og trur vi veit kven denne mannen er. Han kjem til å bli meldt for dette forholdet, seier operasjonsleiar Terje Hilland i politiet.

Ulrikstunnelen er ein 7,6 kilometer lang jernbanetunnel som går mellom Bergen sentrum og Arna.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.