Hopp til innhold

– Det er utleigar sin marknad

Heile 85 prosent av studentane i Bergen må skaffa seg bustad på den private leigemarknaden.

Bergensstudenten går på hybelvisning for nye bergensstudentar som ikkje kan gå sjølv.

I august kjem rundt 9000 nye studentar til Bergen for å starta på eit studie ved ein av utdanningsinstitusjonane i byen.

For mange er det svært vanskeleg å finna ein plass i bu i Bergen, og nokre år har studentsamskipnaden i Bergen (SiB) måtta tilby nødovernatting i gymsalar ved studiestart.

For å hjelpa nye studentar som bur langt unna finansierer Bergen kommune og utdanningsinstitusjonane i byen tenesta BergenStudenten.

Studentar gir råd til andre studentar

Karoline Malde

Karoline Malde i BergenStudenten skal på mange visningar i sommar.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Karoline Malde ved BergenStudenten var torsdag ute på visning i eit kollektiv for ein potensiell ny bergensstudent.

– Dette er veldig likt der eg bur, og veldig mange eg kjenner bur tilsvarande, seier Malde når ho går gjennom kollektivet.

Dei som jobbar i BergenStudenten er sjølve studentar og kan gi gode råd om kontraktar og husleige, og dei kan gå på visning for ungdom som ikkje sjølv kan komma til Bergen.

Dekningsgrad på berre 12,17 prosent

Først i slutten av juli får dei som har søkt studieplass svar om dei har kome inn der dei ønskjer. Allereie i starten på juli står 2400 håpefulle i kø for 420 ledige studentbustadar i Bergen.

– Dekningsgrada i Bergen er i dag berre på 12,17 prosent, og det er ikkje noko å skryta av. Det betyr at nesten 85 prosent av studentane i Bergen må ut på den private leigemarknaden, forklarer Karoline Malde.

– Folk er nøydde til å bu, og det er jo utleigar sin marknad, ingen tvil om det, seier Malde.