Hopp til innhold

Mystisk skilt i Odda

Ingen veit kven som har sett opp skiltet, men oddingane flokkar seg om det.

«Alt kjem til å bli bra» seier skiltet som er sett opp på smelteverksområdet i Odda sentrum. Det står godt synleg til, og har fått stor merksemd i lokalsamfunnet.

– Det er ingen som veit kven som har sett det opp. Eg ser for meg at det er ein grasrotaksjon, med ein positiv vinkling. Så eg synest det berre er flott gjort, seier Odda-ordførar John Opdal.

Skiltet blei oppdaga måndag sist veke, og inspirerte Joakim Sørå til å starta ei Facebook-gruppe, som naturlegvis fekk namnet «Alt kjem til å bli bra». Gruppa har allereie 800 medlemmer.

– Treng positive folk i Odda

– Som innflytta odding ønska eg å spela vidare på den positive bodskapen. Me har fått enorm respons på Facebook-gruppa, folk lastar opp bilete og legg til tekstar, seier Sørå.

– Det viser at det er mange positive sjeler i Odda. Gjennom gruppa får me spreidd ein positivitet i byen, legg Sørå til.

– Treng byen eit slikt skilt?

– Det er ein by der folketalet har gått ned, og der det er omstillingar. Me treng positive folk og ei positiv haldning til livet, seier Sørå.

Folk kan spekulera i kven som står bak

Verken Joakim Sørå eller ordførar John Opdal veit kven som har sett opp skiltet, og det er heilt greitt meiner ordføraren.

– Teksten taler for seg, så får det vera ei hemmelegheit. Folk kan spekulera i det, seier Opdal.

Men både ordføraren og andre i Odda sett pris på det mystiske skiltet. Onsdag føremiddag inviterte ordføraren heile byen til å vera med på eit stort gruppebilete ved skiltet.

Både politikarar i kommunestyret, elevar ved Odda skule barnehageborn var med. Politiet stilte opp for å dirrigera trafikken, og heisekran blei leigd inn for å få fotografen opp i høgda.

– Me tar alle gode idear på alvor, og synest dette er god Odda-reklame. Alt kjem til å bli bra i Odda, og det trur me på, seier ordføraren.