Hopp til innhold

Fleire melder valdtekt til politiet

47 personar har så langt i år meldt valdtekt eller forsøk på valdtekt til politiet. Det er 25 prosent meir enn i fjor.

Bergen sentrum

I denne gata i Bergen vart ein 80-åring overfalt og valdteken i 2010.

Foto: Ingrid Losnegaard / NRK

I løpet av dei fyrste ni månadene i år har politiet i Bergen mottatt 47 meldingar om valdtekt eller forsøk på valdtekt.

Det er ni fleire enn i 2010 og tilsvarer ein auke på 25 prosent.

– Det er ein fare for at det har vore ein reell auke i talet på valdtekter, seier politifyrstebetjent Carl-Petter Leganger, ved vald- og sedelighetsseksjonen ved Bergen sentrum politistasjon.

– Men det kan òg vere fokuset som har vore i media, der politiet har presisert kor viktig det er å melde valdtekter til politiet.

Les òg: Tilstår voldtekter på 16- og 80-åring

Les òg: Må anmelde voldtekt tidligere

Les òg: Drosjesjåfør dømt for voldtekt

Les òg: Tallet på anmeldte voldtekter øker kraftig

– Unge kvinner meir sårbare

Leganger meiner at drikkemønsteret til unge kvinner har endra seg merkbart dei siste ti åra, og at det har gjort dei meir sårbare for overgrep.

– I veldig mange av sakene er den fornærma ei ung kvinne som har vore så rusa at ho ikkje klarer å motsette seg handlinga. Faktum er at ein er meir utsett når ein er rusa, seier han til bt.no .

Trass i auken meiner Leganger at mørketala er høge.

– Av erfaring veit me at talet på saker som vert meldt til politiet utgjer halvparten av talet på personar som oppsøker Bergen legevakt for behandling etter valdtekt.

Så langt i år har 117 personar oppsøkt valdtektsmottaket ved Bergen legevakt.

9 av dei 47 valdtektene som er meldt til politiet i Bergen gjeld overfallsvaldtekter. Til samanlikning har Oslo hatt 48 slike saker hittil i år.

Les òg: Lite har skjedd mot overfallsvaldteker i Oslo