Hopp til innhold

Ventar 80 mm regn på eit døgn

Restane av den tropiske stormen Katia fører til store mengder regn i morgon.

Flom på Nesttun

NVE har i føremiddag sendt ut varsel om fare for flaum. Dette bildet er frå ein tidlegare flaum på Nesttun i Bergen.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

Det er allereie ein svært fuktig dag på Vestlandet, men i morgon blir det endå verre.

Opptil 80 mm på eit døgn

– Vi reknar med at det kjem opp mot 60-80 millimeter nedbør i Hordaland i morgon, seier vakthavande meteorolog Steinar Skare ved Vervarslinga på Vestlandet til NRK.

Han seier det vil regna mykje frå i ettermiddag og fram til seint på kvelden i morgon. Det er dei midtre delane av fylket som blir verst ramma, ifølgje Skare.

I løpet av 36 timar vil det kunna koma om lag 100 millimeter nedbør.

Dei fuktige verutsiktene har ført til at det er lagt ut eit såkalla OBS-varsel på nettstaden yr.no . Varselet slår fast at det frå i kveld mandag og i morgon tysdag er venta lokalt store nedbørmengder.

Fare for flaum

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har i føremiddag sendt ut varsel om raskt aukande vassføring i dei fleste vassdrag frå Vest-Agder til Sogn og Fjordane.

– Kraftige lokale byger medfører auka fare for jordskred. Dette gjeld spesielt i terreng med bratte skråningar, og langs bekkar og elveløp med stor vassføring, skriv NVE på sine nettsider .

Steinar Skare seier dette ikkje er ekstremvær, men nedbørstoppar vi må rekna med eit par ganger i løpet av hausten og vinteren på Vestlandet.