Hopp til innhold

Blir nekta å få sett i gang fødselen

Ho er 13 dagar på overtid og har store smerter, men sjukehuset nektar å setja i gang fødselen.

Video Blir nekta å få sett i gang fødsel

SJÅ VIDEO: Blir nekta å få sett i gang fødsel.

Karoline Marring

Karoline Marring har store smerter, men må venta endå litt til.

Foto: Ingrid Tangstad Hatlevoll / NRK

Karoline Marring ventar sitt første barn. Men no synest både ho og fastlegen hennar at ho har venta altfor lenge på guten som skal koma.

Det har gått 13 dagar over fødselsterminen, og barnet er no 4,2 kilo. Men sjukehuset seier at ho berre må venta litt til. Dermed trossar sjukehuset nye retningslinjer frå Helsedirektoratet om kor tid ein bør setja i gang ein fødsel.

Store smerter

Marring har store bekkensmerter og er utsliten av søvnmangel.

– Vi fekk beskjed om at dei ikkje hadde kapasitet nok, og at vi måtte venta, seier Marring til NRK.

Fastlegen hennar, Kirsten Rogstad, er uroa for mor og barn. Legen kontakta difor Haukeland sjukehus.

Kirsten Rogstad

Fastlege Kirsten Rogstad har for første gang på 25 år forsøkt å få framskunda ein fødsel.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

– Eg har jobba som lege i 25 år, men har aldri ringt til Kvinneklinikken for å framskunda ein fødsel slik, men eg gjorde det denne gangen. Men eg fekk ikkje lov til å koma med opplysningar om saka, seier Rogstad.

Brukar gamle retningslinjer

Helsevesenet har fått tilsendt nye tilrådingar frå Helsedirektoratet . Der står det at gravide på overtid skal få sette i gang fødselen mellom 12 og 14 dagar etter termin. Det kan nemleg vere farleg å gå for lenge over tida.

– Det vi er redde for er mor og barn. I verste fall kan barnet dø, seier Rogstad.

Nils Morken

Overlege Nils Morken seier dei ikkje kan følgja nye retningslinjer på grunn av sjukdom og ferie.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Kvinneklinikken på Haukeland vedgår at dei ikkje følgjer Helsedirektoratet sine tilrådingar. Legane brukar dei gamle retningslinjene til gynekologisk forening, som seier at kvinner kan gå 16 til 18 dagar over tida.

Skuldar på sjukdom og ferie

– Vi er klar over dei nye retningslinjene. På grunn av sjukdom og ferieavvikling har ikkje vi fått implementert dei nye retningslinjene, seier overlege Nils Morken ved Kvinneklinikken på Haukeland sjukehus.

Leiar i Den norske jordmorforening, Marit Heiberg, meiner det ikkje er rart at kvinner blir urolege når sjukehusa har ulik praksis.

– No er det viktig at alle sjukehusa følgjer opp dei nye retningslinjene så raskt som mogleg, seier Heiberg.

– Guten veks ganske mykje kvar veke, så det er ganske skremmande å skulle gå endå lengre, seier Karoline Marring oppgitt.

Les og: – For mange barneliv går tapt

Kvinneklinikken på Haukeland

Her på Kvinneklinikken på Haukeland sjukehus brukar dei enno gamle retningslinjer for kor tid ein fødsel bør setjast i gang.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK