Hopp til innhold

Datatilsynet: – Folk kan bli filma mens dei skiftar badetøy

Datatilsynet slår ned på webkamera som er altfor nærgåande. Mange kamera er over grensa til overvaking, seier tilsynet.

Webkamera fra Fanaveien

NRK-reporter Aleksander Vallestad er lett å kjenna igjen på bt.no sitt webkamera i Fanaveien i Bergen (Faksimile frå bt.no).

Datatilsynet reagerer blant anna på Bergens Tidende (BT) sitt webkamera på Prestegardslandet på Voss, som ligg ute på avisa si nettutgåve bt.no .

Filmar parkområde

Webkamera Prestegardslandet

Bt.no sitt webkamera på Prestegardslandet på Voss (Faksimile frå bt.no).

Dei levande, direktesende bileta viser det populære parkområdet, som blant anna blir brukt av mange til å sola seg og slappa av om sommaren.

– Her kan ein koma i skade for å sitja å kosa seg, utan å vera klar over at ein blir publisert til underhaldning for alle som ser på, eller for eksempel at nokon skiftar badetøy. Her kunne ein ha gjort noko med kameravinkelen, seier kommunikasjonsdirektør Ove Skåra i Datatilsynet til NRK.

- Over grensa til overvaking

Kameraet på Voss er eit av fleire kamera Skåra meiner går over grensa mot overvaking. Han seier at når bildekvaliteten er god og kameraet går tett inn på motivet, blir det eit problem fordi ein kan kjenna igjen folk i biletet. Då blir det overvaking, og det må ein ha god grunn for å gjennomføra.

Webkamera

Dette er bt.no sitt webkamera i Fanaveien.

Foto: Aleksander Vallestad / NRK

– Eg trur BT ville ha problem med å koma med ein sakleg grunn for å overvaka Prestegardslandet på denne måten, seier Skåra.

Skåra reagerer og på bt.no sine kamera på Finse, i Furedalen på Kvamskogen og i Fanaveien i Bergen.

Ber avisa gjera endringar

Datatilsynet har ikkje formelt teke stilling til om nokon av desse kamera er ulovlege, men Skåra har ei klar oppfordring til avisa.

– Eg oppfordrar Bergens Tidende å sjå på om dei kan gjera justeringar på desse kamera, seier Skåra.

Leiinga i Bergens Tidende tek kritikken frå Datatilsynet alvorleg.

– Vi ønskjer å tilpassa oss Datatilsynet sine retningslinjer. Vi kjem no til å ta kontakt med tilsynet og få ei vurdering saman med dei om kva vi eventuelt må gjera, seier nyheitsredaktør Tor Olav Mørseth i Bergens Tidende.

Ove Skåra

Ove Skåra i Datatilsynet meiner Bergens Tidende bør gjera endringar på fleire av sine webkamera.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX