Radøy kommune i Hordaland er ein av dei ti kommunane som er med på prøveordninga med elektronisk stemmegiving i årets kommuneval. Det er første gong dette blir prøvd i Noreg.
Ordførar John Askeland i Radøy kommune er positiv til prøveprosjektet.
– Det er veldig spanande. Me er ein testkommune, så alt er nytt. Det skjer i tett samarbeid med staten, men det er ikkje så store utfordringar, seier Askeland.
– Bør endra menneskerettserklæringa
Valforskar Frank Aarebrot deler ikkje Radøy-ordføraren sin entusiasme.
– Hemmeleg val er ei rett for borgarane og ei plikt for statane å ivareta. Ved denne elektroniske stemmegivinga sviktar staten og overheld ikkje plikta si til å sjå til at alle borgarar stemmer hemmeleg. Ved stemmegiving i ukontrollerte omgjevnader kan ikkje staten sjå til det, seier Aarebrot til NRK.
– Hemmeleg val er fastsett i menneskerettserklæringa til FN. Viss Noreg av omsyn til geografi eller teknologi ønskjer å tilsidesetta dette prinsippet, så bør me heller ta initiativ til å få endra menneskerettserklæringa, meiner Aarebrot.
LES OGSÅ:
Håpar fleire vil stemma
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) vedgår at prinsippet om hemmeleg val var eit tema då Stortinget vedtok prøveordninga, men ho meiner dette blir ivaretatt.
– Viss nokon blir påverka av andre når dei skal avgi stemma si så har dei moglegheit til å stemma på ny. Dei kan også komma til stemmelokalet på valdagen og då vil den stemma gjelda. Folk kan bli påverka av andre også ved dagens system, seier Navarsete.
Ho meiner at me må våga å gjera slike forsøk for å få fleire til å delta i valet, og ho
.– Me er opptatt av at flest mogleg skal bruka stemmeretten og at det skal vera mogleg for flest mogleg. Eg er spent på kor mange som vil stemma over nettet i år, og om det vil gi større valdeltaking, seier Liv Signe Navarsete.
Høyr debatten mellom Frank Aarebrot og Liv Signe Navarsete:
Oppmodar til sabotasje
Frank Aarebrot meiner unge som skal stemma for første gong, og læra om demokratiet, bør stemma på vanleg måte i stemmelokalet.
– Viss ein har sansen for at staten er forplikta til å sjå til at det er hemmeleg val, så bør ein sabotera ved å la vera å bruka internett for å stemma, seier Aarebrot.