Hopp til innhold

Kanye får skryt i Bergen - Øya neste

Skal vi tru kritikarane i Bergen, kan Oslo-publikummet gleda seg til kveldens konsert med Kanye West. Superlativane satt laust i bergenspressa.

Kanye West var hovudtrekkplaster under Bergen Calling på Koengen tysdag kveld.

I dag opptrer han på Øyafestivalen, og dagen etter konserten på Koengen vert den amerikanske superstjerna hylla i bergenspressa.

Då Kanye West entra scena kom han opp i ei kran midt blant publikum. Med bilete av relieff frå antikken i bakgrunnen, var det nesten som om han steig opp på ei søyle.

På veg opp mot scena tok Kanye West seg god tid til å handhelsa på folk blant publikum som han gjekk forbi. Og scena var full av dansarar då han kom fram dit.

Terningkast 5 x 2

Det var god stemning på Koengen, men det var ikkje heilt fult. Då Kanye West kom på scena var det god plass på sidene framme. Nesten 13.000 hadde kjøpt billett til tysdagens konsert.

I bergensavisene fekk West gode kritikkar. Både BT og BA gav rapkongen frå Atlanta terningkast fem, og var spesielt imponerte over sceneshowet.

«Storslått maktdemonstrasjon» skriv BTs kritikar, som trekte fram at West ikkje er nokon tradisjonell hip-hoppar.

– Konserten ligg kanskje nærmare eit Broadway-show, komplett med dansarar og spektakulær sceneutrusting.

- Tidenes beste entré

BT held fram slik:

– På «Hell Of A Life» kjem kaskadar av stjerneskot ned frå scenetaket. Det er storslege, sjølv om vi har sett større produksjonar på Koengen før. Men ikkje med ein enkel mann på scena.

BA trekk mellom anna fram den spesielle inngangen.

– West hadde den beste entreen nokon sinne for ein artist på bergensbesøk.

– Han står fram som ein totalt skjerpa artist som gjør sitt beste som entertainer, sjølv om det tidvis var litt grumsete lyd.

– Dette er ikkje puse-rap, men ekte vare, slår Bergensavisen fast.

Rap-trio på scena

West var berre siste del av ein trio rapartistar. Som oppvarming fekk bergenspublikummet levert noko av det beste frå norsk og nordisk hip hop.

Lars Vaular gjekk på scena kl. 19.00 og kl. 20.00 tok Timbuktu over. Rundt kl. 21.30 i kveld entra amerikanske Kanye West scena.

Sjå intervju med Timbuktu:

Video dba621d5-1441-45e4-9228-8ab0c6cee83d.jpg

– Har menneskeleggjort rap

Rapperen Kanye West fra USA på scenen under Quartfestivalen, 2006.

Kanye West.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

West kallar seg sjølv verdas største rapartist, og Timbuktu støttar han i det.

– På nokre få år har han lukkast i å bli det. Han er ein veldig relevant samtidsartist. På ein måte har han menneskeleggjort rapen, og han har det interessante megalomaniske draget, seier Timbuktu til NRK.

LES OGSÅ: Stemmeproblemer for Kanye West

Stor Vaular-fan

Timbuktu gledde seg då han snakka med NRK tidlegare i kveld.

– Det er veldig kult å vera her. Det er lenge sidan eg såg Kanye West live. Lars Vaular har eg faktisk ikkje sett live og eg er ein stor Lars Vaular fan, seier Timbuktu.