Hopp til innhold

Stor NM-dugnad i Ulvik

Laurdag blir NM i Motbakkeløp arrangert i Ulvik, og halve bygda står på i dugnad for arrangementet.

Video NM i Motbakkeløp i Ulvik

NM i Motbakkeløp i Ulvik

Kvasshovden opp er eit årleg arrangement i Ulvik, men i år er det også NM i motbakkeløp.

Ulvik har 1100 innbyggarar og omtrent halvparten av dei er med i idrettslaget. 80 frivillige skal gjera sitt beste for at deltakarane kjem seg trygt til topps.

– Alt er på dugnad. Me driv heile laget på dugnad. Ein god del folk bruker ei mengde tid og set si ære i at me skal få eit fint arrangement, seier Johan Børsheim, leiar for Kvasshovden opp.

Fleire har utsett ferien sin, slik at dei først kan vera med og hjelpa til med NM.

1030 meter over havet

Då NRK besøkte Ulvik gjenstod det framleis mykje arbeid. Løypesjef Ørjan Hjeltnes var blant dei som hadde det veldig travelt.

– Kvar kilometer til løypa skal merkast, og kvar hundre meter over havet skal også merkast. Det er eit krav, seier Hjeltnes.

Kvasshovden ligg 1030 meter over havet, så det er mykje som skal merkast.

– Alle sidevegane må også merkast, eller så spring dei typisk rett fram når dei har høg puls, seier løypesjefen.

Men laurdag morgon skal alt vera klart.