Hopp til innhold

Fekk sjeldan krabbe i garn

– Eg har aldri sett noko slikt før, seier mangeårig fiskar Arnt Helge Karlsen.

Arnt Helge Karlsen med djupvass krabbe

Arnt Helge Karlsen held den store djupvass krabben.

Foto: Privat

Det var for eit par veker sidan at fiskaren fekk den spesielle fangsten i garnet sitt i Øygarden.

– Eg tenkte at eg måtte få den ut levande og finna ut av kva det var. Krabben var kollosalt stor og eg fekk han på 350 meter djup, fortel Arnt Helge Karlsen.

Gir krabben til Akvariet

Havforskingsinstituttet opplyser at det er ein djupvass krabbe av Chaceon-slekta.

– Desse krabbane er sjeldne i våre farvatn, men det er rapportert nokre få funn tidlegare, seier Stein Mortensen ved Havforskingsinstituttet.

Arnt Helge Karlsen har halde krabben i live og etter ein prat med Jakt & Fiske Forbundet bestemte han seg for å sjekka om Akvariet i Bergen var interessert i krabben.

Har få frå før

– Det er ikkje ofte me blir kontakta om slike krabbar. Me får med jamne mellomrom tilbod om vanlege krabbar, men denne typen held seg djupt i sjøen og er difor ikkje så vanleg å få, seier marinbiolog Tonje Kiil ved Akvariet.

Når NRK snakkar med Kiil har ho ikkje sett krabben ennå, men etter det ho har høyrt skal den vera større enn denne typen ofte er.

– Me har ein eller to av denne typen frå før og det er veldig gøy å få ein til, seier Tonje Kiil.