Hopp til innhold

Cruiseturistar inntar Nautnes

Ein fem år gamal draum gjekk i oppfylling for Ove Forstrønen då cruiseturistar tok turen innom Nautnes i Øygarden for aller første gong i dag.

Video 8de610c8-8c11-4c5b-8c25-e7b9665b02aa.png

- Cruiseskipa går i fjorden frå Gudvangen, Flåm og Balestrand og inn til Bergen. Kvifor ikkje stoppe i Øygarden? spør Ove Forstrønen, eigar av Nautnes Fiskevær.

Olav Martin Vik

Ordførar i Øygarden, Olav Martin Vik.

Foto: Anette Berentsen/NRK

I fem år har han kjempa for å få det til, og i dag kom endeleg dei første cruiseturistane.

- Små stader er veldig fine. Det er godt å kome hit og ta det litt med ro, seier Mike Borom frå USA.

- Unikt for Øygarden

Ordførar i Øygarden, Olav Martin Vik, er glad for å få så celebert besøk.

- Me satsar på turisme, og det å få eit cruiseanløp er nesten unikt for ein kystkommune som Øygarden, seier han.

Stadig fleire tar opp kampen om cruiseturistane. For fem år sidan var det 32 anløpsstader for cruiseskip. Dei siste åra har det kome ti til.

Legg att mindre pengar

Petter Dybedal

Petter Dybedal, forskingsleiar i Transportøkonomisk Institutt

Nye tal frå Transportøkonomisk Institutt viser at turistgjester legg at færre pengar enn tradisjonelle hotellgjester.

- Cruise har fått mykje fokus, men utgjer berre ein liten del av det totale turistbiletet i Noreg. Det må me ikkje gløyme, seier Petter Dybedal, som er forskingsleiar ved Transportøkonomisk Institutt.

I fjor kom 1,8 millionar cruiseturistar på land i Noreg. I år det venta ein auke på ti prosent, i fylgje Cruise Norway.

Ove Forstrønen

Ove Forstrønen har kjempa i fem år for å få cruiseturistar til Nautnes.

Foto: Anette Berentsen/NRK