Hopp til innhold

Homodagene i Bergen

Homodagane i Bergen blei feira med både gateparade og Grand Prix-parodiar.

I går kveld blei festivalen avslutta med det som for mange var høgdepunktet, nemleg den store parodien på Melodi Grand Prix.

Arrangørane sjølv seier det kan kallast «Norges kanskje mest alternative revyoppsetning».

Gateparade for solidaritet

Berre fire dagar etter 17. mai-toget var det i går endå ein fargerik og lystig prosesjon som skapte liv og røre i Bergen sentrum.

Paraden er eitt av høgdepunkta under festivalen. Både ulike organisasjonar, politiske parti og enkeltpersonar deltok i opptoget. Tilsaman var det fleire hundre deltakarar i paraden.

– Paraden har vi for å ha det moro og for å visa oss fram. Vi vil visa fram mangfoldet blant dei homofile her i byen. Dessutan ønskjer vi å visa solidaritet med folk andre stader i verda som ikkje kan gå i tog, seier paradesjef Camilla Strøm Rødseth til NRK.

Dei årlege Homodagene i Bergen gjekk føre seg frå 18. mai til 22. mai.

Video Homoparade i Bergen

SJÅ VIDEO: Homoparade i Bergen.