Hopp til innhold

Kritiserer sjåførutdanning i utlandet

Transportarbeidarforbundet meiner det er feil å henta bussjåførar i utlandet, slik blant anna Tide Buss i Bergen gjer.

Video Sjåføropplæring i Slovakia

SJÅ VIDEO: Tide Buss i Bergen har 40 sjåførar på skulebenken i Slovakia. Det er dette Transportarbeidarforbundet reagerer på.

Roger Hansen, forbundsleder Norsk Transportarbeiderforbund

– Feil fokus, meiner forbundsleiar Roger Hansen i Norges Transportarbeiderforbund.

Foto: Johan B. Sættem

Det er stor mangel på bussjåførar , både i Bergen og elles i Norge. Ifølgje tal frå Norges Transportarbeiderforbund manglar det mellom 2000 og 2500 bussjåførar her i landet.

Tide Buss i Bergen løyser problemet med å betala norskopplæring for 40 sjåførar frå Slovakia, som akkurat no sit på skulebenken i hovudstaden Bratislava .

– Feil fokus

Norsk Transportarbeiderforbund kallar dette sløsing og feil fokus hos busselskapa. Bussnæringa har nemleg gått saman om ein felles rekrutteringskampanje for å skaffa fleire sjåførar frå Norge.

– Dette er skuffande. Dei burde heller bruka energien på å få denne rekrutteringskampanjen til å fungera, seier forbundsleiar Roger Hansen til NRK.

Han meiner det må gjerast meir med arbeidsplassane og arbeidsordningane for å gjera yrket meir attraktivt for nordmenn.

Avviser kritikken

Direktør Jostein Hatlebrekke i Tide Buss i Bergen avviser kritikken frå Transportarbeidarforbundet.

– Det er ikkje enten eller for oss, men å gjera begge delar. Vi må auka rekrutteringa i Norge, men på kort sikt treng vi fleire sjåførar, seier Hatlebrekke.

Jostein Hatlebrekke

Tide-direktør Jostein Hatlebrekke avviser kritikken.

Foto: Christine Lensberg