Hopp til innhold

Vil ha omkamp om sjukehus

Politikarar frå Odda møter stortingspolitikarar i Oslo for å få omkamp om fødetilbodet.

Odda sjukehus

Lokalpolitikarane kjempar vidare for fødetilbodet ved Odda sjukehus.

Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna

– Vi føler at Odda er i ei særstilling, seier varaordførar John Opdal (H) i Odda kommune.

Nyleg blei det kjent at regjeringa vil kutta i fødetilbodet ved fleire sjukehus , blant anna i Odda.

Møter hordalandsbenken

Når han og fire andre politikarar frå Odda møter hordalandsbenken på Stortinget vil han argumentera for omkamp om fødetilbodet.

– Vi er bekymra over situasjonen. Her i Odda er det langt til andre sjukehus, det er stor fare for ras som kan stenga vegar og vi har to store bedrifter. Derfor må vi ha god beredskap, seier Opdal.

Stort engasjement

Han seier engasjementet for saka er stort i Odda, og at politikarane står samla.

– Eg forventar at stortingspolitikarane ser alvoret i saka, seier Opdal.

– Men det kan jo virka som regjeringa har bestemt seg?

– Vi meiner Odda er i ei særstilling, seier Opdal.