Hopp til innhold

Varslar erstatningssøksmål

Forsvararen til italienske Michele Saluzzi vil krevja erstatning dersom frikjenninga frå i går blir ståande.

Nils Christian Nordhus

Forsvarar Nils Christian Nordhus varslar erstatningssøksmål dersom dommen mot Michelle Saluzzi blir ståande.

Foto: Christian Kråkenes / NRK Hordaland

I går blei den 27 år gamle italienaren, Michele Saluzzi, frifunnen etter storbrannen i Skuteviken i Bergen i september 2008.

No varslar forsvarar Nils Christian Nordhus erstatningssøksmål dersom dommen blir ståande.

Michele Saluzzi

Michele Saluzzi måtte avbryta økonomistudiet då han blei skulda for brannen

Foto: NRK

- Saluzzi måtte avbryta økonomistudiet då han blei skulda for brannen. Berre i framtidige tapte inntekter er erstatningskravet på minst ein halv million kroner, meiner Nordhus.

I tillegg kjem utgifter Saluzzi har hatt til sakkyndige under rettssaka og for den store belastninga det har vore for han å bli skulda for brannen.

Nordhus vil ikkje gje ein samla sum på kravet dei vil kunne koma med.

Påtalemakta har to veker på å avgjera om dei vil anka dommen.