Hopp til innhold

Framleis mykje PCB

Men tilstanden har blitt betre i havet.

Video Konferanse om Nord-Atlanteren

Tilførselen av miljøgifter i det nordaustlege Atlanterhavet er redusert og tilstanden i havet har vorte betre.

Det syner ein omfattande statusrapport som vart offentleggjort i Bergen torsdag.

Tilføring av tungmetall har sunke kraftig, men PCB er framleis eit stort problem, skriv Klima og forurensingsdirektoratet på sine nettsider.

Framleis ein lang veg å gå

Ministre og representantar i frå 15 land og EU har denne veka vore samla i Bergen til ministermøte i OSPAR-kommisjonen (North-East Atlantic Environment Summit).

Målet var å komma fram til tiltak for å beskytta havmiljøet i det nordaustlege Atlanterhavet - heilt i frå Gibraltar i sør til Barentshavet i nord.

I rapporten som vart lagt fram torsdag, var konklusjonen at ein endå har ein lang veg å gå, for om utviklinga held fram slik som no, vil to tredjedelar av dei farlegaste mijøgiftene framleis sleppast ut i havet i 2020.

PCB - ein av dei aller verste

Blåskjell-koloni

I Noreg kan me finna PCB-nivå i mellom anna blåskjell. Illustrasjonsfoto.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

PCB har vore forbode i 30 år, men er framleis ein av dei miljøavgiftene som skapar størst problem.

I Noreg finn me høge PCB-nivåer i fisk og blåskjell utanfor større sentrum eller industriområde langs kysten.