Hopp til innhold

Kallenamn har blitt snillare

Elevar på Osterøy har forska på kallenamn. – Me har blitt meir «fisefine», seier namnegranskar Ivar Utne.

Elevar på Bruvik skule

Mellomtrinnet på Bruvik skule har samla inn kallenamn i bygda si.

Foto: Robert Flatås

Mellomtrinnet på Bruvik skule på Osterøy har samla inn kallenamn. Bygda har ca. 400 innbyggjarar, og elevane fann heile 123 kallenamn.

Blant kallenamna dei fann var Reserve-Jesus, som var ein som hadde bursdag på julaftan. Reinsdyret var ein som kom frå Nord-Noreg, og Tordenskralle var ein som lo og kjefta så det small.

To damer blei kalla Nattoget og Sidevogna. Damene fekk kallenamna fordi dei ofte var ute og gjekk seint på natta, og Sidevogna følgde Nattoget heim. Bonusen dreiv ein bonusbutikk, og Yankeen køyrde rundt i ein amerikanar.

Meir ufarlege namn i dag

Mykje tydar på at ein var slemmare før. Det fann også Bruvik-elevane, og dei får støtte av namnegranskar Ivar Utne som har vore rettleiar for prosjektet.

– Namna har nok blitt meir ufarlege. Dei byggjer no ofte på fornamn, og det er noko folk ofte finn på sjølv, dei vel sjølv å kalla seg det. Kallenamn før var ikkje slik, då ville folk helst ikkje bli kalla for kallenamna sine, seier Utne.

– Kva har skjedd?

– I dag blir det gjerne ikkje oppfatta som danna og god folkeskikk å gå rundt og skildra folk. Me har blitt «fisefine», seier namnegranskaren.

Forskjell på bygd og by

Utne har funne at kallenamn på bygda ofte var veldig ulike frå dei i byen.

– Elevane har presentert kallenamn av typen Jensakari og Johannes-Elling. Personar blir delvis knytt til slektningane sine, ofte foreldre eller ektefellar, eller til garden dei budde på, seier Utne.

– I byen hadde ikkje folk fast bustad og andre kjende ikkje slektningane deira, så då blei det meir naturleg med andre typar kallenamn. Det mest påfallande då er å bruka det første ein assosierer med ein person, altså utsjånaden eller noko dumt dei seier, forklarar Utne.

– Liker best Hannkatten

Slekta var ei viktig informasjonskjelde under arbeidet til elevane.

– Eg har intervjua mormora mi, og bestefaren min, for han kan veldig mange, forklarar ei jente på Bruvik skule.

– Kva er det artigaste kallenamnet de kom bort i?

– Eg synest hannkatten og Bamsen. Hannkatten fekk namnet fordi han likte så godt jenter.

Dei unge namnegranskarane skal legga fram resultata sine under Forskingsdagane neste veke.