Hopp til innhold

Bli med på ei eventyrleg reise

Søndag kveld kunne du sjå Flåmsbana minutt for minutt på NRK1.

Flåmsbana

I mai var NRK med Flåmsbana på tur. I kveld kan du sjå heile reisa på NRK1.

Foto: NRK

I november i fjor kunne det norske folk vera med Bergensbanen frå sofakroken. NRK hadde vore med på den vel sju timar lange strekninga, og sendte heile turen minutt for minutt på tv. Det heile viste seg å vera ein kjempesuksess, mot alle odds.

– Me var sikker på at det berre kom til å vera eit par tognerdar som såg på det. Men me har jo fått enormt gode tilbakemeldingar. Eldre som ikkje hadde vore ute på lenge syntes det var heilt fantastisk å sjå, og ungdommar som hadde fest lot det rulle i bakgrunnen. Det har til og med vore brukt i ei gravferd, seier Thomas Hellum, prosjektleiar hjå NRK Hordaland.

Tog i beste sendetid

Heile 1,2 millionar sjåarar fekk med seg heile, eller deler av programmet, som varte i sju timar og seksten minutt. Og i kveld kan du altså sjå nok ein togtur, denne gong den spektakulære Flåmsbana. Og det i beste sendetid.

– Denne turen tek jo berre ein time, så me fekk sleppe til på NRK1. Det er veldig kjekt, seier Hellum.

LES ÒG: Last ned heile turen i 2D og 3D

Slow-TV

Han er på sykkeltur i Italia, og får ikkje sett programmet på storskjerm. Men nyskapande som han er, skal han sjå det frå ein kafé på iPhone. Men håpar håper og trur mange vil benke seg foran tven. Dette er nemleg tv som er heilt inne i tida.

– Det er jo blitt veldig på moten med slow food (journ. anm: mat som tek lang tid å lage), slow deco (journ. anm: interiør som er solid og varer lenge), og dette er slow tv, seier han.

LES ÒG: – Den våte drømmen er Hurtigruta | Bybanen mer populær enn VM

Og akkurat det trur han er suksessfaktoren for programma.

– Når folk ser på dette, kan dei gå ut og lage seg litt mat, dei kan lese avisa, høyre på musikk, spele kor, og så kan dei kikke innom tven som står på i bakgrunnen, seier han.

– Kor mange togstrekk kan de lage tv av før folk går lei?

– Ganske mange trur eg. Og no står togjubileum i kø dei neste åra. Dovrebanen fyller 90 neste år. Og så har Nordlandsbanen snart jubileum. Nordlandsbanen tek jo litt lengre tid, så den er jo vår favoritt, seier Hellum.

Thomas Hellum monterer kamera på lokomotivet til Flåmsbana

Thomas Hellum er gler seg til å sjå turen på tv, sjølv om han må sjå den på iPhone i Italia.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Kan funke internasjonalt

Bergensbanen minutt for minutt fekk mykje internasjonal merksemd, og , er solgt til Danmark der den vert sendt i skrivande stund. Hellum trur Flåmsbana vil vera enno meir tilgjengeleg for den internasjonale marknaden.

– Ja, i og med at den er ein time lang, er det nok fleire som tør å sende den, seier han.

Flåmsbana minutt for minutt kan du sjå på NRK1 i kveld klokka 20:05. Men allereie no kan du sjå heile turen sett frå frontkameraet her: