Hopp til innhold

- Fryktar represaliar

Bokmålsgruppe er redde for aggressive nynorskfolk. Mållaget blir utsett for hets. Språkgeriljaene brakar saman på Askøy.

Språkkrig på Askøy

Den anonyme motstandsgruppa 'Strilar for bokmål'

Foto: Sveinung Tvedt / Askøyværingen

Aggressive nynorskfolk skremmer bokmålsforkjemparar på Askøy. Mens mållaget opplever hets på stand.

På måndag skal det avgjerast kva målform som skal råda grunnen som hovudmål på dei to nordlegaste skulane i kommunen.

Då går innbyggjarane til valurnene i ei lokal folkeavstemning for å avgjera om det vert nynorsk eller bokmål - og striden har hardna til.

I forkant av valet kjempar grupper på båe sider av språkkløfta ein innbitt valkamp med plakatar og flygeblad.

Målstrid i Askøy

Ulike meiningar om kva språk som skal bli sidemål heng side om side.

Foto: Sveinung Tvedt / Askøyværingen

Redd for nynorskfolket

For bokmålsforkjemparane vågar ikkje stå fram med namn i frykt for represaliar, skriv Askøyværingen .

Bokmålsforkjemparane i «Strilar for bokmål»fortel at dei ser seg nøydde til å vera anonyme for å skåna barna sine.

– Nynorskfolk er aggressive, dei har ein sterk organisasjon og er sterke i media. Både eg og dei andre i gruppa har barn, så me vil ikkje seia kven me er, fortel ein mann i gruppa til avisa.

– Etter førre folkerøysting var det fleire som vart mobba vekk frå bygdene i nord, hevdar mannen.

– Horribelt

– Me blir sinte og fortvila over påstandene. Me har ikkje truga folk til tausheit, me er saklege når me fortel om saka vår, seier leiar Vigleik Dyrøy i Askøy mållag.

– Me har derimot opplevd at folk er aggressive mot oss, kallar nynorsk for grautmål, og oppfører seg på ein slik måte at me må gå vekk for å få fred.

Dyrøy har ikkje mykje til overs for måten bokmålsforkjemparane driv valkamp på.

– Dei er anonyme, feige og kan ikkje bli tekne seriøst i det heile tatt. Dei seier sjølv at dei vil vera ein «skjult fiende» mot oss. Gruppa opptrer som ein merkeleg liga som kjem fram i mørkrets frambrot.

No vonar Dyrøy og mållaget at dei anonyme påstandane ikkje vil øydeleggja for valet på måndag.

Målstrid på Askøy

Også nynorskfolket nyttar seg av plakatar - men dei står fram med namn og bilete.

Foto: Sveinung Tvedt / Askøyværingen