Hopp til innhold

Festspillene i full gang

Offisielt opna med dans, kongepar og folkefest med 3600 bergensarar. Sjå bileta!

Og då er det offisielt: no er Festspillene 2010 i gang.

Om lag 3 600 personar feira opninga av Festspillene på Koengen. Det fortel kommunikasjonssjef Silje Gripsrud.

Festspillene 2010

Regn! Dronning Sonja ankommer Olav 5. plass i Bergen sentrum.

Foto: NRK/Gunhild Agdesteen

Her var programmet for opninga:

  • Salutt
  • Fallskjermhopp
  • Kongens ankomst og kongesangen
  • 200 barn danser ringdans og halling
  • «Nystemten»
  • H.M. Kongen taler
  • «Frikar» med høythengende pardans
  • Forsvarsministeren taler
  • Smakebit fra operaen Anne Pedersotter
  • Ordføreren taler
  • H.M. Kongens Garde
  • «Ja, vi elsker»
  • Lydverkeri med Ole Hamre, båter og bylyder

Se video:

(Artikkelen forts. under)

Video Åpningsforestilling i Bergen

Klikk på bildet for å se video. NB klippet har ikke lyd.

Festspillene 2010

«Frikar»

Foto: NRK/Gunhild Agdesteen
Festspillene 2010

Bergen selvfølgelig! Jørgen Nilsen serverte gratis skillingsboller.

Foto: Gunhild Agdesteen / NRK

For fyrste gong foregikk opninga på Koengen.

200 ungdommar frå Bergen dansa folkedans.

LES: Åpner Festspillene med folkedans

– Det blir veldig gøy, ei heilt ny oppleving, så dette ser me fram til, sa Regine Søilen Lund i fra Storetveit skole til NRK tidlegare i dag.

Den siste tida har elevane frå Storetveit øvd og øvd.

– Me har brukt eit halvt år på å læra oss dette, ein time kvar veke, fortel Katja Løvik.

I går var det generalprøve.

– Det gjekk kjempebra, me har fått alt inn og no er me klare, seier Lasse Svanberg.

Førebuingane har vore mange, og tidlegare i dag var ein festpynta by klar for opninga.

Nokon som nok kjente litt ekstra på sommarfuglane tidlegare i dag, var ungdommane som skal danse på opninga.

Festspillene 2010

Mange tusen mennesker hadde møtt opp til åpningen på Koengen.

Foto: NRK/Gunhild Agdesteen