Hopp til innhold

Hells Angels var på vei til Voss

Hells Angels var på 90-tallet nær ved å få fotfeste på Voss. Det var klubben Barfly som leflet med den beryktede MC-klubben.

Hells Angels

På 90-talet var Hells Angels i ferd med å etablere seg på Voss.

Foto: NRK

På Voss var MC-klubben Barfly på veg inn i Hells Angels på 90-talet, og lensmann Ivar Hellene er glad dei ikkje kom så langt.

LES OGSÅ: I ferd med å få fotfeste i Bergen

Det starta med fleire heidundrande nachspiel i klubbhuset - eller ulovleg nattklubb om ein vil.

Slo hardt ned

Men flørten med dei store MC-gutta i Hells Angels gjorde at politiet måtte slå hardt ned på ulovleg handtering av rusmiddel. Ifølgje kjelder blant det kriminelle på Voss den gongen, forlangte Hells Angels-tilhengjarane å få heile det illegale salet av rusmiddel for seg sjølve.

– Dette er akkurat slik Hells Angels også operer andre stader, seier forskar ved Politihøgskulen Ragnhild Bjørnebekk.

Hun sier også at om de ikke vinner frem med det, blir det oppfattet som en trussel mot ære og stolthet. Noe som blir slått hardt ned på.

– Trusselvurderinga gjorde at det blei sett inn stor innsats på å stoppa etableringa, seier lensmann Ivar Hellene.

– Dette var det sterkt fokos på flere steder, og også på Voss, sier han til NRK Hordaland.

– Det er ei kjensgjerning at det ikkje er bare lovlig virksomhet slike klubbar driv med. Derfor er det viktig å eliminere slike etableringsforsøk.

Medlemmane forsvann

På Voss visna det småkriminelle miljøet vekk, då dei ikkje fekk driva i fred for politiet. Klubben blei nedlagt då fleire av medlemene blei domfelt for ulovleg nattklubbaktivitet og skjenking i klubbhuset.

LES OGSÅ: I ferd med å få fotfeste i Bergen

Men nokon av medlemene forsvann til Union MC i Bergen. Nokon oppnådde også – det som truleg var målet: Fullt medlemskap i Hells Angels i hovudstaden.