Hopp til innhold

Luktar på bergingsrevolusjon

Luktesansen til Taivo er det ingen grunn til å tvila på. Men kan golden retriveren finna sakna personar sjølv om han susar over viddene med snøscooter?

Ny redningsmetode
Foto: Sivilforsvaret

Mang ein skiløpar har fått oppleva at vinterfjellet kan vera lunefullt. Vêromslag, feilnavigering og skadar kan gjera at turen får eit anna utfall enn planlagt.

No håpar Norske redningshundar og Sivilforsvaret at dei har funne formelen som skal revolusjonera leiteaksjonar i høgfjellet.

Ved å plassera lavinehunden på snøscooteren håpar ein å nå langt større områder enn ved å følgja hundeførararen til fots.

- Dette kan gjera at me har mykje større sjansar for å finna folk som er sakna i vinterfjellet. Hunden er frå før eit fantastik verkty, men når me får han opp på ein scooter kan me nå langt større områder.

Det seier Frank Listøl, øvingsleiar i Norske redningshundar. Kommande veke skal metoden testast ut på Finse. Sundag var første dag i felten.

Øvar på ny leitemetode

SNUSAR SEG FRAM: Øver på ny redningsmetode på Finse.

Foto: Sivilforsvaret

Krevande leitejobb


Oppgåva er derimot ikkje uproblematisk, verken for hund eller førar. I tillegg til at støy og drivstofflukt kan distrahera redningshunden, må kommunikasjonen vera på topp. Både mellom hund og førar, og dei tobeinte imellom.

- Dette er ei komplisert øving som stiller store krav til både hund, hundeførar og mannskapet på scooteren, seier Listøl.

Etter ein dag ute i snøen er likevel tilbakemeldingande oppløftane.

- Me er faktisk "grisefornøgde", hundane har på ein imponerande måte greidd å snusa opp personane me hadde plasser rundtom i området, fortel Listøl.

I løpet av veka skal oppgåvene verta tøffare.

- Ein revolusjon

- Dersom øvinga vert vellukka, kan det revolusjonere måten ein søkjer etter sakna personar på. Ein kan finna fram langt raskare enn ein tidlegare har greidd, seier Anne-Margrete Bollmann, distriktssjef i Hordaland sivilforsvarsdistrikt.

Ho trur det er realistisk å ta i bruk søkemetoden om ikkje så alt for lang tid.

- Målsetjinga er å få lært opp to til tre team som beherskar denne måten å søka på seier, Bollmann.